Skip to content

Lege til Masfjorden kommune

  • by

Masfjorden kommune har ledig stilling som fastlege med fastløn, og ser særleg etter deg som er under spesialisering eller er ferdig spesialist i allmennmedisin.

Stillinga er knytt til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Alle fastlegane er fastløna. Legekontoret ligg i nye Fensfjordbygg på Hosteland, og er bemanna med helsesekretær,bioingeniør og sjukepleiarar. Me nyttar for tida journalsystemet Infodoc.

– Fastlegelista er i dag ca. 600, men kan verte justert.
– Det er allmennmedisinske offentlege oppgåver lagt til stillinga, for tida helsestasjonsteneste.
– Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik.

Me tilbyr

– fastløn inntil kr. 1.200.000,- pr. år etter kompetanse og erfaring. For særleg kvalifisert søkjar kan det gjerast individuelle avtalar.
– kontoret er registrert utdanningsverksemd i allmennmedisin. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Masfjorden legekontor.
– refusjon av kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II, og løn under fråvær for obligatorisk utdanning (td kurs og rettleiingsgruppe).
– høgt fagleg nivå i våre tenester og eit kreativt og utviklande fagmiljø
– erfarne og løysingsorienterte kollegaer
– eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone
– samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester
– pensjonsordning i KLP
– hjelp til å skaffe bustad
– barnehageplass

Kvalifikasjonskrav

– offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
– akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs)
– gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2
– førarkort klasse B, og disponere eigen bil
– godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga
– personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

– evne til å arbeide sjølvstendig
– gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
– gode evner til kommunikasjon
– fleksibel og løysingsorientert
– kunne bidra til eit godt miljø – både fagleg og sosialt

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknadsfrist: 26.06.2022

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.