Skip to content

Einingsleiar/rektor på Vanvik oppvekstsenter

  • by

3. gongs utlysing.

Det er ledig 100 % fast stilling som einingsleiar ved Vanvik oppvekstsenter frå 01.08.22.

Ved Vanvik oppvekstsenter er det 8 elevar på skulen og 3 plasser i banehagen kommande skuleår.

Vanvik oppvekstsenter ligg flott til i nærleiken av sjø, omgitt av flott natur som ein brukar i undervisninga.  

Det er ein skule med engasjerte og kreative tilsette som er interesserte i å vidareutvikla ein god profesjonell praksis ved skulen. Eit av satsingsområda innanfor skuebasert kompetanseutvikling er å vidareutvikla eit trygt og inkluderande læringsmiljø.  Som einingsleiar vil du også vera ein del av både styrargruppa og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Suldal.

Ansvar

Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen og barnehagen.

Einingsleiar må også undervisa i deler av stillinga si.
Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i
arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.


Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærar- eller barnehagelærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
  • Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret sin pedagogiske utvikling.
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane sine.
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring.
  • Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
  • Søkjarar må disponere eigen bil.


Generelt/Søknad sendast

  • Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffe bustad og gi støtte til bustadutgifter
  • Den som vert tilsett må kunne leggje fram godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
  • Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.
  • Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med kommunen tlf. 52 79 22 00.
  • Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Kontaktperson:
Ingebjørg Rullestad Gjerde
Telefon:+47 41692867 +47 52 79 2281
E-post: ingebjorg.rullestad.gjerede@suldal.kommune.no

Sønadsfrist: 29.06.2022

Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst det nyopna Suldal Bad. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk.

This image has an empty alt attribute; its file name is image-11-1024x673.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
This image has an empty alt attribute; its file name is image-10-1024x680.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
This image has an empty alt attribute; its file name is image-12-1024x683.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde