Ved Kviteseid barnehage er fylgjande stilling ledig:
Spesialpedagog for barn i barnehagealder 100 % fast stilling, tilsetjing frå 15.08.2022
Vi har ledig stilling som spesialpedagog knytt til barn med særskilte behov. Arbeidsstad vil vera Kviteseid barnehage og spesialavdelinga på Kviteseid skule. Du vil arbeide i eit tverrfagleg team med tilsette frå eining for funksjonshemma og Kviteseid skule. 37,5 t/v
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som spesialpedagog
- Ynskje om erfaring frå arbeid med born med særskilde behov
- Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Positiv
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid på avdeling saman med dei aktuelle borna
- Utarbeide og følgje opp arbeidet med ulike planar, særleg plan for det spesialpedagogiske arbeidet og IOP
- Samarbeid med heimane
- Teamleiar
- Koordinere arbeid mellom ulike partar og instansar
- Samarbeid med einingsleiar ved Kviteseid barnehage og einingsleiar ved eining for funksjonshemma.
Andre relevante høgskuleutdanningar er også velkommen til å søke. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Kontakt
Einingsleiar ved Kviteseid barnehage: Eva Lundeberg Tlf.: 35 05 53 10
Einingsleiar for funksjonshemma: Unni E. Øygarden Tlf.: 35 06 81 61 Mobil: 90 25 16 83
Søk på stillinga her
Søknadsfrist: 05.07.2022
