Skip to content

Prosjektleiar vatn og avløp – Volda kommune

  • by

Vatn og avløp står ovanfor store investeringar i åra som kjem. Stillinga som prosjektleiar inngår i eit team av prosjektleiarar på 4 stk.

Som prosjektleiar på vatn og avløp vil du få ansvar for framdrift, økonomi og tekniske løysingar i investeringsprosjekt. Du vil kunne støtte deg på kolleger internt, og vi har ein åpen og god dialog mellom prosjektleiarane og resten av driftsavdelinga. 

Vi skal bygge nye vassverk, avløpsanlegg og skifte ut kring 2 kilometer med vatn og avløpsleidningar i året. Du vil få ei viktig og sentral rolle i å gjennomføre og utvikle måten vi arbeida med og i prosjekt. 

Arbeidsoppgåver
  • Leie vatn- og avløpsprosjekt frå oppstart til økonomisk avslutning
  • Ha innbyggarkontakt i dei respektive prosjekta
  • Økonomi og prosjektrapportere
  • Avholde byggemøter med entreprenørar
  • Generelt ansvar som byggherre i prosjekt

Du må vidare være villeg til å ta både prosjektleiar- og ADK-1 kurs gjennom jobben.

Kvalifikasjonar
  • Ingeniør eller sivilingeniør. Lang relevant erfaring kan veie opp for manglande utdanning. 
  • 5 års erfaring som prosjektleiar innanfor relevante fagfelt
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Strukturert
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg
  • Utviklingsorientert
  • Har eit engasjement for utvikling og forbetring av vatn og avløpssystem
Vi tilbyr

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, både personleg og fagleg. 

Vatn og avløp i Volda kommune har i dag 3 stk som arbeidar inn mot investeringsprosjekt og denne stillinga går inn i denne gruppa. Det betyr at du får eit godt fagleg miljø og utvikle deg i og til å støtte dei på i prosjekta.

Vi arbeidar også kontinuerleg med internopplæring og erfaringsoverføring mellom prosjektleiarar.

Lønn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Lars Fjærvold, Driftsleiar vatn og avløp

Søknadsfrist: 26.06.2022

Søk på stillinga

Volda kommune

I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar – for heile familien. 

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i. 

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!