Skip to content

Rektor ved Loar barneskule – Lom kommune

  • by

Vil du bli rektor i ein gjestfri og nyskapande nasjonalparkkommune?

Loar skule har ledig ei 100% rektorstilling frå 01.10.2022. Skulen husar elevar frå 1.-7. klasse og er plassert midt i nasjonalparklandsbyen Lom.

Loar skule er aktiv i skuleutvikling. Hausten 2021 starta vi opplæring kring bruk av læringsbrett i form av iPad i skulekvardagen. Vidare utvikling kring det digitale vil vere viktig også i tida som kjem. Alle elevar og tilsette har 1:1 læringsbrett, og det er gode digitale løysingar i klasseromma. Skulen har gode resultat både når det gjeld trivsel og læringsutbytte, foreldresamarbeid er også eit viktig område.

Skulen har 159 elevar. I tillegg til rektor er det inspektør og kontorfullmektig i deltidsstillingar. Det er i overkant av 30 tilsette ved skulen. Kommunen har ein barneskule og ein ungdomsskule som samarbeider tett for heilskap og samanheng i opplæringsløpet.

Arbeidsoppgåver
  • Legge til rette for elevane sitt læringsmiljø
  • Leie profesjonsfellesskapet og legge til rette for samarbeid i lærings- og utviklingsarbeid
  • Systematisk kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling
  • Skape ein kollektivt orientert skule gjennom god personalleiing
  • Økonomiansvar
  • Personalansvar
  • Forvaltingsoppgåver
  • Vere ein aktiv deltakar i utvikling av Lomsskulen som profesjonsfellesskap.
Kvalifikasjonar
  • Krav i Opplæringslova om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt
  • Erfaring frå barnesteget er ein fordel
  • Relevant leiarutdanning, fortrinnsvis rektorutdanning, og leiarerfaring vil bli vektlagt
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk
  • Ynskeleg med erfaring innan økonomi- og personalarbeid
Personlege eigenskapar
  • Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp resultat
  • Evne til samarbeid
  • Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og har gjennomføringskraft
  • Evne til å skape visjonar og gje retning
  • Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Systematisk og strukturert

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Vi kan tilby
  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Støttefunksjonar innan personal, økonomi og IT
  • Løn etter avtale
  • Godt samarbeidsklima
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Det er krav om politiattest.

Velkomen til oss!

Kontaktperson:
Lisa Kronhaug Stillingstittel: Leiar
Telefon: 915 71 675
Epost: lisa.kronhaug@lom.kommune.no

Søk på stillinga!

Søknadsfrist: 15.08.2022

Velkomen til oss!

Lom kommune

Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.

Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.

Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom.