Skip to content

Assisterande leiar – Masfjorden sjukeheim

  • by

Masfjorden kommune har ledig 100% fast stilling som assisterande leiar ved Masfjorden sjukeheim. Sjukeheimen ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Du samarbeider tett med leiar om dagleg koordineringa av tenester og personell. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar 3. helg.

Oppgåver som ligg til stillinga

  • Koordinering av tilbodet til bebuarane
  • Pårørandekontakt/kontakt med frivillige/dagtilbod
  • Personaloppfølging og dagleg leiing
  • Kontakt med andre tenester om bebuarane sine behov, eks lege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykisk helse.
  • Ordinære sjukepleieoppgåver i avdeling

Kvalifikasjonskrav

  • Må vere autorisert sjukepleiar
  • Ynskjeleg med leiarkompetanse, men ikkje eit krav
  • Du bør ha god brukarkompetanse på data
  • Erfaring med turnusarbeid er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • God evne til å planlegge og organisere
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ta eigne val
  • Vere trygg som sjukepleiar og ha evne til å rettleie og utvikle tilsette slik at dei også er trygge i si jobbutføring
  • Kunne skape motivasjon og trivsel hjå dei tilsette
  • Godt humør og gode samarbeidsevner
  • For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve nivå B2

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling med ansvar for å yte tenester med høg fagleg og etisk standard
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • Erfarne medarbeidarar
  • Full barnehagedekning i gode barnehagar
  • Løn etter avtale

Politiattest

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Slik søkjer du 

Trykk knappen “send søknad”. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, kontakt tenestetorget tlf 56166200.

Kontaktperson:
Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
Telefon:+47 90609941 +47 56166219
E-post:oddvin.neset@masfjorden.kommune.no

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknadsfrist: 14.08.2022

Masfjorden kommune