Skip to content

Fastlege, 80% vikariat i eitt år – Lom kommune

  • by

Vil du arbeide som lege i ein gjestfri og nyskapande kommune? Moglegheit for å jobbe tilpassa turnus. 

Lom kommune har ledig eit 80% fastlønna vikariat i eitt år. Det er mogleg å arbeide i tilpassa turnus, med periodar med arbeid og periodar med fri. Det er ynskjeleg med tiltreding snarast. Stillinga er organisert under legetenesta, Helse og velferd, Lom kommune. 

Vi ynskjer ein person som har gode samarbeidsevner og som er personleg eigna for stillinga. 
Det blir kravd at den som vert tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, pårørande og pasientar.

Arbeidsoppgåver
  • Fastlegeoppgåver med akuttansvar på enkelte dagar
  • Listestorleik for stillinga er 701 pasientar
  • Deltaking i interkommunalt legevaktarbeid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo.
  • Beherske skandinavisk språk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha førarkort for personbil

Legetenesta nyttar journalsystemet InfoDoc.

Høyrest dette spennande ut?

Søk jobb hjå ein triveleg gjeng på Lom helsesenter! Gå til elektronisk søknadsskjema.

Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for legetenesta, Hege Kirkestuen Melby på tlf. 904 13 339

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Søknadsfrist: 14.08.2022

Velkomen til Lom!