Skip to content

Merkantil stilling 100 % fast ved Nesbukti pleie og omsorgssenter – Seljord kommune

  • by

ID 470 – Merkantil stilling 100 % fast ved Nesbukti pleie og omsorgssenter. Frist 15.9.22

Seljord kommune har ledig 100 % merkantil stilling på Nesbukti pleie og omsorgssenter. Stillinga er organisert 50/50 under eining institusjon og open omsorg, der personalansvar ligg under eining institusjon.  Stillinga krev at du er fleksibel, løysningsorientera, har gode kommunikasjonseigenskapar og evne til å jobbe sjølvstendig og i team.

Stillinga er ledig frå  01.01.2023, men vi ynskjer tilsetting helst frå 01.11.2022 for å sikre god overlapping av oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Fakturering
  • Vederlagsberekning
  • Arkivering og scanning av dokument
  • Rapportering
  • Ulike merkantile og administrative oppgåver
  • Oppgåver innan leiarstøtte
  • Betjening av sentralbord og postsortering
  • Oppgåver knytt til innkjøp
  • Ansvar for å oppdatere og vedlikehalde heimesida til helse og omsorg

Kvalifikasjonar:

  • Minimum fagbrev i kontorfag eller tilsvarande utdanning
  • Det er ynskeleg med utdanning innan økonomi/administrasjon, men søkarar med annan relevant utdanning/arbeidserfaring kan koma i betraktning
  • Det krev god økonomisk forståing
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevne og gode IKT ferdighetar
  • Det vil vera ein fordel å ha kjennskap med kommunens dataverktøy, Profil, Elements, Agresso og Gat.
  • God kjennskap til kommunal forvaltning og sakshandsaming innan pleie og omsorg
  • Det er ynskeleg med erfaring frå tilsvarande stilling, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar:

  • Du er strukturert, sjølvstendig, pålitelig og serviceinnstilt
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Evna til å sette seg inn i nye oppgåver

Me tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • God og strukturert opplæring
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Variert og utfordrande arbeidskvardag med gode kollegaer

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Me gjer oppmerksam på at me kan ha interne søkerar med fortrinnsrett.

Kontaktinformasjon:
For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90 61 83 32, e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no
eller sakshandsamar Anne Bjørg Haugstoga på tlf. 350 58 400, e-post:  anne.bjorg.haugstoga@seljord.kommune.no

Søk elektronisk på her

Søknadsfrist 15.09.2022