Skip to content

Nesbukti pleie og omsorgssenter – Mottakarkjøkkenet. 2.gongs utlysing – Seljord kommune

  • by

ID 454 – Nesbukti pleie og omsorgssenter – Mottakarkjøkkenet. 2.gongs utlysing. Forlenga frist til 15.9.22

Nesbukti pleie- og omsorgssenter søker etter vikar til mottakarkjøkkenet. Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser fordelt på 4 avdelingar.
Me søker etter ein fleksibel person som skal vere med å gje våre brukarar den beste kvalitet og service. Vedkommande søkar skal kunne bidra positivt, ha høg arbeidsmoral, ha interesse for ernæring og matglede.

Vi treng tilkallingsvikar ved ferie og anna fråvær.

Kvalifikasjonar:

  • Har erfaring frå kjøkkendrift eller liknande arbeid
  • Gode kunnskapar om IK-mat og interesse for mat
  • Har erfaring frå arbeid med eldre menneske
  • Gode norskkunnskapar
  • Grunnleggande digitale ferdighetar

Vi søker etter ein person som:

  • Er praktisk og løysingsorientera
  • Er ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Samarbeider bra med andre
  • Er fleksibel og serviceinnstilt
  • Må like høgt arbeidstempo

Arbeidsoppgåver:

  • Forbereding av middag og dessert til avdelingane
  • Tilbereding av frukost og lunsj på avdelingane
  • Bake til avdelingane
  • Kvalitetssikring av mat og måltid
  • Reinhald og hygiene på kjøkkenet
  • Bestille varer
  • Varemottak

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332,  epost: kristin.aamot@seljord.kommune.no

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via elektronisk søknadsskjema på Seljord kommune si heimeside..
Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.     

Forlenga søknadsfrist 15.9.2022