Skip to content

Nesbukti pleie og omsorgssenter – Sjukepleiar 70% fast stilling – Seljord kommune

  • by

ID 449 – Nesbukti pleie og omsorgssenter – Sjukepleiar 70 % fast stilling. Ny frist 25.9.22

Søker du etter ein spanande jobb i vakre Telemark? Då er det deg me ser etter!

Nesbukti pleie- og omsorgssenter har ledig stilling som sjukepleiar i 70 % fast stilling.

Det er hovudsakleg nattstilling som er utlyst, men me er fleksible med tanke på arbeidstider.
Det er gode moglegheiter for medverking og innflytelse på egen arbeidssituasjon.
Det vert gitt 50 000 kr ekstra i tillegg for nattstilling (i 100% stilling).

Me oppfordrar nyutdanna til å søke.

Arbeidsoppgåver
Me tilbyr ein spanande arbeidsplass, med ei aktiv korttidsavdeling med augeblikkeleg-hjelp plass, somatisk- og skjerma eining.

Arbeidsoppgåvene vil til dømes vere kliniske vurderingar, administrering av medikament, legevisitt og pleie- og omsorg til våre pasientar. Me møter framtidas helseutfordringar med korttidsplassar der me driv aktivt med rehabilitering. Me har tett tverrfaglig samarbeid med lege, fysioterapeut, heimesjukepleie og psykisk helse. Me har stort fokus på primærsjukepleie til våre pasientar, me er opptatt av kontinuitet, god samhandling med pårørande og kva som er viktig for pasienten.

Du vil få grundig opplæring saman med erfaren sjukepleiar, som også vil fungere som kontaktperson i etterkant av opplæringa.

Ynskjer du fagleg utvikling, og ta vidareutdanning? Me har som mål å legge til rette for at tilsette får personleg vekst og moglegheit til kompetanseutvikling.

Me har også som mål å vera ein stabil praksis kommune for studentar og elevar å har god dialog med USN og vidaregåande skular i Telemark.

Me er aktive i ulike prosjekt som «Gode pasientforløp» i samarbeid med KS, «Akuttkjedeprosjektet i samarbeid med STHF og RASK/riktig antibiotikabruk i sjukeheim og kommunale helsetenestar.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • ​ Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.

Eigenskapar

  • Erfaring frå liknande arbeid, men ikkje eit krav
  • Gode samarbeidsevner og likar å jobbe med og for menneske
  • Fleksibel og god arbeidskapasitet
  • Positiv, løysingsorientert og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, i samspel med andre
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resultat
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Internundervisning.
  • Ein arbeidsplass med godt sosialt miljø, med engasjerte kollegaer.
  • Sosiale treff utanfor arbeidsplassen er viktig for oss. Me prøvar å samlast til sosiale arrangement 2-3 gonger i året.
  • Løn etter Hovudtariffavtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • IA – bedrift

Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332,  e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via elektronisk søknadsskjema på Seljord kommune si heimeside.
Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.     

Ny søknadsfrist 25.9.2022