Skip to content

Rådgjevar / Fagleiar rekneskap – Hjelmeland kommune

  • by

Hjelmeland kommune har ledig 1 fast 100 % stillingar som rådgjevar. Stillinga har eit særskild fagansvar for rekneskapen og skal fungera som fagleiar. Stillinga er organisert under økonomieininga og rapporterer til økonomisjef.

Økonomieininga er ein del av rådmannens stab og har ansvaret for kommunerekneskap, skatterekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og overordna innkjøp. Vidare utarbeidar eininga budsjett og handlingsplan og har ansvar for budsjettoppfølging og rapportering. Tilhøyrande eininga er også eigedomsskattekontor og derav sekretæransvar for sakkunnige nemnder for eigedomsskatt. Eininga har elles ansvar som følgjer i medhald av lovar og føresegner for respektive fagområde.

Arbeidsområdet for stillinga vil i hovudsak vera fagleiar rekneskapsområdet, men ein må rekna med andre arbeidsoppgåver etter behov og kvalifikasjonar. Pr i dag er fagleiarrolla kombinert med ein rådgjevarfunksjon/ kontaktperson for utvalde einingar. Dette inkluderer oppgåver innan budsjett, rekneskap, rapportering og anna førefallande. 
Fagleiar rekneskap har ansvar for dagleg rekneskap, periodisk avstemming, årsavslutning og årsrekneskapen

Kvalifikasjonar
– relevant høgare utdanning på universitets-/høgskulenivå innan rekneskap og økonomi
– det er ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning, og/ eller relevant praksis og erfaring frå offentleg verksemd
– gode IT- kunnskap
– kjennskap til kommunal økonomi og rekneskapssystem
– kjennskap til Visma Enterprise er ein fordel
– gode norskkunnskaper og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg

Lang praksis kan kompensera for manglande høgare utdanning

Me søkjer etter ein person som er
– kreativ og utviklingsorientert
– fleksibel
– har godt humør, stor arbeidskapasitet og kan samarbeide godt så vel aleine som i lag med andre
– har god evne til kommunikasjon, munnleg så vel som skriftleg

Me kan tilby
– spennande og varierande jobb innanfor rekneskapsarbeid og økonomistyring
– godt arbeidsmiljø
– lønn etter avtale
– tilsetjing i samsvar med gjeldande lovar og avtaler
– det vert trekt 2% av brutto lønn til pensjonsordningar
– 6 måneders prøvetid

Ved ei eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig ei anna stilling eller vikariat.

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 75 70 00.

Kontaktperson
Eli Aspen, mobil: 90764796, mail: eli.aspen@hjelmeland.kommune.no

Send søknad

Søknadsfrist: 18.09.2022

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Foto: Eldfinn Austigard – Redigering: Anita Husøy Riskedal