Skip to content

Rådgjevar for kultur og idrett – Tokke kommune

  • by

Me søkjer kulturrådgjevar med engasjement for fagområda kultur og idrett. Stillinga er 100% fast ved Oppvekstetaten frå 01.11.2022.

Kulturrådgjevaren skal fungerer som eit bindeledd mellom kulturtenester i kommunen. Arbeidsoppgåvene varierer mellom strategiske og utviklande oppgåver som planarbeid og tilrettelegging, til meir konkrete oppgåver som administrasjon av etablerte ordningar som til dømes “Den kulturelle spaserstokken”.

Det vil også vere oppgåver i høve koordinering av idrett.

Målet er at stillinga totalt sett skal bidra til at kommunen pregast av kulturelt mangfald og variasjon i tilbod og opplevingar.

Arbeidsoppgåver:

· Ansvar for kulturfaglege oppgåver i høve vedtekne satsingsområde.
· Utarbeide kommunens kulturstrategi/ idrettsplan m/tiltak
· Delta i, og koordinere, ulike nettverk og utviklingsprosjekt.
· Samarbeid og dialog med innbyggjarar, foreiningar/lag og andre
· Ansvarlig for å søke aktuelle eksterne tilskudd til kulturaktiviteter, samt følge opp utgående tilskudd
· Kontaktledd mot frivilligheten — frivilligsentralen
· Koordinator for “Den kulturelle spaserstokken”.
· Kulturminnevern
· Idrettsstipend
· Oversikt/fordeling i høve bruk av idrettshall mm.
· Badevakter — drift av symjebassenga.
· Ansvar for søknad av spelemidlar — oppfølging.
· Ansvarleg for å publisere oppdatert kultur og idrettsinformasjon elektronisk på intranett og kommunens heimeside
· Sakshandsaming av generelle henvendingar til kommunen innanfor kulturfeltet og idrett.
· Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Krav til kompetanse:

· Relevant utdanning på bachelor innan administrasjon og kulturfag. Krava kan fråvike ved særskild relevant praksis og/eller anna relevant utdanning
· Kunnskap om å leie og arbeide i prosjekt, og kunne vise til god gjennomføringsevne
· Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver
· Dokumentert god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigeskapar:

Den som skal inneha stillinga bør

· vere positiv, systematisk og læringsorientert
· ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
· ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· moglegheit til vekslande arbeidstid, da noko aktivitet går føre seg på ettermiddag/kveld.
· være fleksibel, sosial og energiskapende med godt humør

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med Tone Lunde Skaalen, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller

mob.: 97171406

Søknadsfrist: 23. september 2022

Velkomen som søkjar!

Søk på stillinga!

Tokke kommune

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her