Skip to content

Avdelingsleiar psykisk helse og rus – Vinje kommune

  • by

100% fast stilling som avdelingsleiar ledig frå 01.12.22 – ID 2022/5052
Søknadsfrist: 13.11.22

Er du vår nye avdelingsleiar?

Me søkjer deg som  ynskjer å vere ein positiv pådrivar i utvikling av tenesta,  og som brenn for å jobbe med mennesker med utfordringar innan psykisk helse og rus 

Avdeling for psykisk helse og rus  er organisert i verksemd for tenester til personar med særskilde behov.

Avdelinga har ansvar for tenester retta mot barn og unge i tett samarbeid med skulehelsetenesta, individuell oppfølging, gruppebaserte tiltak,  bufellesskapet Bruli med 8 bustader for personar med alvorlig psykiske utfordringar samt  2 bustader for personar med særskild bu- utfordringar. 

Avdelinga har 12 årsverk med ulik fagbakgrunn og høg kompetanse.

Arbeidsoppgåver:

– administrative oppgåver
– fag og budsjettansvar
– leie, utvikle og fylgje  opp dine tilsette 
– ansvar for kvalitet og tenesteutvikling
– legge tilrette for eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnerar
– brukarretta oppfyging 
– leiar for kommunens kriseteam

Som avdelingsleiar vil du vere ein del av verksemdsleiar sitt leiarteam saman med avdelingsleierane frå same verksemdsområde  

Kvalifikasjonar:

Du som søkjer stillinga må ha :

– helse eller sosialfagleg utdanning på minimum bachlornivå 

Det er vidare ynskjeleg at  du har:

– erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og rus
– relevant leiarerfaring og-/ eller leiarutdanning
– vidareutdanning innan psykiatri og rus

Personlig egenskapar

Me ser etter deg som: 

– er trygg, tydeleg og inkluderande
– god på å bygge relasjoner til menneskene rundt deg
– fagleg engasjert
– har ein strukturert, målretta og systematisk arbeidsform
– har evne til å lytte og søkje gode løysingar i samarbeid med andre
– er god til å kommunisere både skriftleg og munntleg

Personleg egnahet vil bli vektlagt

Me kan tilby:

– utfordrande  og spennande  arbeidsoppgåver 
– eit positivt arbeidsmiljø med  god takhøgde og mykje humor
– engasjerte  kollegaer og tilsette med fokus på faglig utvikling og samarbeid 
– løn etter avtale
– gode forsikrings- og pensjonsordningar
– full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustad

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her

Velkomen som søkjar!

Søknadsfrist: 21.11.2022

Vinje kommune