Skip to content

Leiar for integreringstenesta – Vinje kommune

  • by

Vinje Kommune Helse og meistring

Integreringsarbeidet i Vinje kommune er i utvikling.

Me søkjer no etter ein engasjera leiar som er motivert for å leie arbeidet med integrering vidare.

Integreringstenesta er organisert i verksemd for tenester til personar med særlege behov. Tenesta har ansvar for å busetje og fylgje opp flyktningar som vert busett i kommunen, koordinering av kommunens introduksjonsordning og kvalifisering av deltakerar mot utdanning og arbeidsliv samt helsetenester for flyktningar

Ved integreringstenesta arbeider det i dag 4 tilsette med ulik fagbakgrunn og kompetanse.

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for fagområda busetting, introduksjonsordning og migrasjonshelse
  • leie, utvikle og fylgje opp dine tilsette
  • legge til rette for eit godt arbeidsmiljø
  • budsjettansvar
  • ansvar for kvalitet og tenesteutvikling
  • utarbeide og sakshandsame søknader om prosjektmidlar og statlige tilskotsmidlar
  • oppfyging av flyktningar med helseutfordringar
  • legge til rette for eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnerar

Som avdelingsleiar vil du vere ein del av verksemdsleiar sitt leiarteam saman med avdelingsleierar frå same verksemdsområde.

Kvalifikasjonar

Du som søkjer stillinga må ha:

  • 3 -årig relevant utdanning på minimum bachelor nivå
  • god skriftlig og muntleg framstillingsevne( minimum norsk nivå B2)
  • førarkort klasse B

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • relevant leiarerfaring og-/ eller leiarutdanning
  • relevant erfaring frå integreringsfeltet
  • erfaring fra arbeid med introduksjonsloven/integreringsloven, samt andre aktuelle lovverk

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • kommuniserar på ein tydleg og trygg måte
  • har evne til å skape tillit og gode relasjonar til menneska rundt deg
  • er fagleg engasjert
  • er løysingsorientert og trivst med utfordrande og allsidige oppgåver
  • har evne til å lytte og søkje gode løysingar saman med andre
  • har gjennomføringsevne

Personlege eigenskaper og motivasjon for stillinga vert vektlagd.

Me kan tilby

  • ein variert og spennande arbeidskvardag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings –og pensjonsordningar

Kontaktperson:
Carsten C. Hald – Stillingstittel : Verksemdsleiar
Telefon: 90937093
Epost: carsten.hald@vinje.kommune.no

Søk på stillinga

Søknadsfrist: 27.11.2022

Vinje kommune

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.