Skip to content

Fagleiar VA – Bjørnafjorden kommune

  • by

(Andre gongs utlysing)

Vil du vera med å utvikla lokalsamfunnet vårt?

Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov, og som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. 

Stillinga som fagleiar VA er organisert under prosjekteininga, som er ein av fleire einingar i sektor for samfunnsutvikling. I denne sektoren utviklar vi lokalsamfunn, infrastruktur, næringsliv og fritidsaktivitetar – kort og godt utviklar vi kvardagen til innbyggarane i Bjørnafjorden. Ein vil arbeide mykje tverrfagleg med sektoren sine prosjekt, drifts- og forvaltningsavdelingar.

Vi søkjer ein sjølvgåande fagleiar som kan bidra i den strategiske utviklinga av fagområdet og skape samarbeid på tvers av fag og avdelingar, samt med eksterne aktørar.

Arbeidsstad

Prosjektavdelinga, kontorlokaler på Bjørnafjorden rådhus, Osøyro.

Arbeidsoppgåver

– Utarbeiding, revisjonar og saksbehandling av strategiar, hovudplanar og normer
– Utarbeiding av prosjektdirektiv for VA-prosjekt og fagleg oppfølging av VA-prosjekta
– Forvaltningsoppgåver med bl.a. uttale i plan- og byggjesaker vedr. VA
– Utbyggingsavtalar med private og andre off.myndigheter
– Spele på lag med øvrige tenester og samfunnet
– Prioritering av VA-prosjekt og samhandling med drift
– Bidra aktivt i utviklingsarbeid og samarbeid regionalt

Kvalifikasjonar

– Høgare relevant utdanning (sivilingeniør/ingeniør VA-teknikk eller liknande)
– Erfaring på VA-området, vegkompetanse vil óg vere ein fordel
– God oversikt i aktuelt lovverk og god økonomisk forståelse
– God forståing av offentleg forvaltning og politiske prosessar for kommunalt nivå
– Erfaring med offentlige anskaffelser, investeringsprosjekt og utbyggingsavtalar tel positivt

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi ser etter deg som

– er strategisk, resultat- og utviklingsorientert
– er tydeleg, dialog- og løysningsorientert
– er ein relasjonsbyggjar, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
– er opptatt av å gje gode tenester til innbyggjarar og utbyggjarar

Vi tilbyr

– Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver.
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.             

Kontaktperson

Grete Nesheim, Prosjektsjef, mobil: 900 91 432, grne@bjornafjorden.kommune.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Grete Nesheim
Telefon:+47 900 91 432
E-post: grne@bjornafjorden.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 06.12.2022

Foto Jon Petter Wiig