Skip to content

Avdelingsleiar avlastningstenester – Alver kommune, Habiliteringsteneste

  • by

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar for Avlastningsavdelinga i Alver kommune. Avlastninga er ein del av Habiliteringstenester og består i tillegg til ulike former for avlastingstiltak, av tenester i bufellesskap, ambulerande tenester og arbeids- og aktivitetssenter, støttekontakttenester og IP-koordinatorar. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiarteamet i Habiliteringstenester saman med tenesteleiar og dei 9 andre avdelingsleiarane. 

Om Avlastningstenestene

Basen for avlastingstenestene er i Knarvik, med Kvasten avlastingsbustad og administrasjonen i avlastingstenestene. Avlastingsavdelinga består også av andre mindre avlastingsbustader som er lokalisert ulike stader i kommunen, private avlastingsheimar , samt aktivitetsbasert avlasting som er eit alternativ til avlastingsbustader og er organisert som ulike tilrettelagte aktivitetar og turar. I tillegg er det tilsette som har heile eller deler av stillinga si som IP- koordinatorar.

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Som avdelingsleiar er du med på å utforme, kvalitetssikre og vidareutvikle desse tenestene i Alver kommune, samtidig som du vil bidra i vårt samfunnsoppdrag; å yta gode tenester til innbyggjarane. Som avdelingsleiar i Alver kommune er du unnateke arbeidstidsbestemmingane. Den daglege arbeidsplassen er i Knarvik. 

Arbeidsoppgåver 

Avdelingsleiarstillinga i Avlastingstenestene inneber ansvar for drift av avlastingstenestene, samt utvikling av det totale tilbodet innan avlasting til barn og unge. Med seg vil ein ha driftskoordinatorar som har delegerte oppgåver knytt til dei ulike avlastingstiltaka. 

Sentrale oppgåver:

  • Samarbeid med Forvaltningskontoret om vedtak og tilrettelegging av tilbod for dei ulike familiane
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre tenesteområde i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Utarbeiding av årsturnus i tråd med vedtaka
  • Økonomiarbeid; utarbeiding og oppfølging av budsjett, samt rapportering til tenesteleiar
  • Fagleg utvikling, kvalitetssikring og forbetringsarbeid
  • Personalforvaltning, rekruttering, opplæring og kompetanseutvikling
  • Deltaking i leiarteamet i Habiliteringstenester og samarbeid med andre avdelingar

Kompetansekrav  

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse og/eller sosialfag. Autoriserte vernepleiarar vil bli prioritert.
  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne  

Ønskt kompetanse 

  • Det er eit føremon med leiarutdanning/vidareutdanning i leiing og/eller erfaring innan kommunal helse- og omsorgsteneste  
  • Kjennskap til turnusarbeid og turnusprogram 
  • Personlege eigenskap vert vektlagt 

Personlege eigenskapar 

Vi søkjer deg som har:

  • evne til å motivere og få fram det beste hjå medarbeidarar
  • evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • god samarbeids- og relasjonskompetanse
  • endringskompetanse og løysingsorientert

og som

  • er ein lagspelar og sikrar prosessar med god medverknad frå tilsette og brukarar
  • er positivt og har godt humør

Vi tilbyr 

  • Ein spanande jobb i ein relativt ny organisasjon 
  • Deltaking i arbeidet med å utforme og utvikle gode tenester til personar som treng avlastning for framtida 
  • Eit arbeidsmiljø som legg vekt på trivsel og engasjement 
  • Tenesteytarar med erfaring og høg kompetanse 
  • Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre 
  • Løn etter avtale 
  • Oppstart etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP

Bli kjent med Alver kommune

Søk her


Søknadsfrist: 30.11.2022

Alver kommune

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Bli kjent med Alver kommune