Skip to content

Økonomisk Rettleiar – 100% fast – NAV Service og velferd – Alver kommune NAV

  • by

Ynskjer du å jobbe ved NAV Alver?

Vi har ledig fast stilling i 100%. Stillinga er knytt til avdeling Service og Velferd, der ein vil jobbe tilknytta team gjeld og sosiale teneste som økonomisk rettleiar. 

Om Arbeidsplassen:

NAV Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Vi er ein bidragsytar til utjamning av sosiale forskjellar i samfunnet. Er du god på å finne moglegheiter, ressursar, og ein pådrivar for samarbeid?  Vil du være med på laget, saman med dyktige og engasjerte kollegaer? Då håper vi du sender inn ein søknad. 

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving for personar med gjeldsproblem/økonomiske utfordringar
  • Opplysningsarbeid og førebygging innan tema privatøkonomi
  • Oppfølgingsarbeid innan økonomiske/sosialfaglege område
  • Forvaltning av privatøkonomi for enkeltpersonar, etter frivilleg og tvungen ordning
  • Motivere og hjelpe til ansvar for eigen økonomi
  • Sakshandsaming etter lov om sosiale teneste
  • Betening av møtesenter og vakttelefon
  • NAV er i ein kontinuerleg utviklingsprosess, det må påreknast justering av arbeidsoppgåver

Kompetansekrav:

  • Det er krav til bachelor innan sosialfag med ynskje om masterutdanning innan særleg relevant område. Krav til utdaningsretning kan fråvikast ved relevant erfaring
  • Du må ha erfaring frå rettleiingsarbeid og eller rettleiing som ein del av utdanninga.
  • Økonomisk og juridisk forståelse
  • Kan utøve sosialfagleg skjønn
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid
  • Erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy og generelt god digital kompetanse
  • God samhandlings og formidlingsevne både skriftleg og munnleg
  • Gode samtaleferdigheiter

Ønskt kompetanse:

  • Du er ein som byggjer gode samarbeidsrelasjonar og er ein påliteleg samarbeidspart
  • Du er fleksibel og trivast i ein travel arbeidskvardag
  • Du er ein som ser ressurser hjå den einskilde og leitar etter løysingar
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldane lov og avtaleverk

Kontaktperson:
Susanne Gjelsvik Telefon:+47 41340498
E-post :susanne.gjelsvik@nav.no

Søk her

Søknadsfrist: 15.12.2022

Referansenummer: NAV
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: NAV Knarvik

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.