Skip to content

Kommunalsjef Samfunn og Plan – Ulvik herad

  • by

Ulvik herad søkjer etter ny kommunalsjef til å leia ei spanande eining. Stillinga som kommunalsjef samfunn og plan er organisatorisk lagt under kommunedirektøren og er ei 100 % fast stilling. Søknadsfrist: 1. januar 2023

Det ligg til stillinga å bidra til ei styrking av samhandlinga på tvers av heradet sine einingar og tenestene til innbyggjarane. Stillinga inngår i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

Leia, koordinera og vidareutvikla eining for samfunn og plan, herunder fagområda veg, VA, bygg, eigedom, kommunal drift, planarbeid, samt brann- og feiarteneste

Budsjett og økonomistyring

  • Personalleiing og organisasjonsutvikling
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet lokalt og regionalt
  • Rettleia og bistå andre einingar, næringsdrivande og våre innbyggjarar
  • Generell sakshandsaming av både administrative og politiske saker
  • Vera pådrivar i arbeidet med pågåande og komande utviklingsarbeid i heradet

Me søkjer etter ein person som har:

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, gjerne ingeniør, med leiarkompetanse/-erfaring
  • Relevant erfaring elles, og evne til nytenking og innovasjon
  • Erfaring frå økonomi- og utviklingsarbeid er ei føremon
  • Leiarerfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Gode kommunikasjons-, service- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivera, leia og utvikla medarbeidarar

Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt

Me kan tilby:

– Ei spanande leiarstilling med sektorovergripande interesser og med store mogelegheiter for sjølvrealisering og personleg utvikling
. Løn etter avtale
– Hjelp til å skaffe bustad, evt hjelp til å skaffe arbeid for partner.

Kontorstad er Ulvik.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta kommunedirektør Thore Hopperstad på tlf 4000 7158 eller epost thore.hopperstad@ulvik.kommune.no.

Søknadsfrist: 1. januar 2023

Søk her!