Skip to content

Einingsleiar bu- og miljøtenesta i Stad kommune

  • by

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for Bu og miljøtenesta. Stillinga er ledig frå 01.01.23.

Einingsleiar har det overordna ansvaret for Bu og miljøtenesta som omfattar tenesta psykisk helse og rus og teneste for menneske med nedsett funksjonsevne. Leiarteamet er samansett av einingsleiar, assisterande einingsleiar, fem avdelingsleiarar og to fagleiarar.  

Einingsleiar skal saman med leiarteamet drifte og utvikle Bu og miljøtenesta i heile kommunen. Oppmøtestad er på Nordfjordeid, men einingsleiar må vere fleksibel i oppmøte ut frå kva som er behovet i eininga. Avdelingsleiarane har det daglege personalansvaret for dei tilsette i sine avdelingar..

Tenesta består av fleire omsorgsbygg med heildøgns omsorg både i Selje, på Stadlandet og på Nordfjordeid. Ambulerande tenester, barneavlastning og dagsenter innan brukergruppa ligg også under Bu og miljøtenesta. Bu- og miljøtenesta har om lag 130 årsverk og rundt 215 tilsette.

Vi søkjer etter ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert einingsleiar som kan forme og utvikle tenesta vidare gjennom gode og trygge prosessar. Leiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, sikre god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta, samt andre kommunale tenestetilbod. Einingsleiar  rapporterer til kommunalsjef og er del av kommunen sitt leiarteam innan helse og omsorg. Bu og miljøtenesta er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling av våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for våre brukarar. 

Arbeidsoppgåver
  • Budsjett-, økonomi- og personalansvar
  • Planverk og rapportering
  • Organisering av eininga
  • Rekrutterings- og kompetansestrategi
  • Drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
  • Utvikle eit fagleg godt tilbod til tenestemottakarane 
  • Utvikle ein effektiv og lærande organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Etablere ein god samarbeidskultur både internt og med eksterne samarbeidspartar
  • Omdømebygging, informasjon og kommunikasjon 
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjend vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vi ønskjer ein leiar som har formell leiarutdanning og erfaring som leiar    
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing 
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk 
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap 
  • Har gode strategiske og analytiske evner 
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg   
Personlege eigenskapar
  • Er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Er utviklingsorientert, resultatorientert og endringsvillig
  • Er fleksibel
  • Er god til å motivere og gje retning
  • Er innovativ og nytenkjande
  • Er systematisk og strukturert
  • Kan delegere og gjere medarbeidarane kompetente
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid.
Vi tilbyr
  • Utviklande og spennande oppgåver med høve til å påverke og utvikle  helse- og omsorgstenestene i Stad kommune.
  • Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
  • Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

Stad kommune har seks månader prøvetid.

 Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Barbro Longva eller personalsjef Heidi Kroken Bruland.

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, 928 55 900, barbro.longva@stad.kommune.no
Heidi Kroken Bruland, Personalsjef, 476 71 904, heidi.bruland@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Stad kommune

Referansenr.:4577601701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2022

Søk på stillinga!

Stad kommune

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!