Skip to content

Rådgjevar helse og omsorg – Stad kommune

  • by

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar for helse og omsorg frå 01.01.23. Stillinga er plassert i stabseining for strategi og samordning og arbeidsstad er Nordfjordeid. 

Som rådgjevar arbeider du tett saman med kommunalsjef med oppgåver innanfor helse og omsorg. Du bidreg i prosjekt,- og utviklingsarbeid, samt koordinering innan kommunalområdet. Du er også systemansvarleg for journalsystemet Profil og bidreg til gode prosessar, internkontroll og utvikling av systemet i tett samarbeid med einingane.  

Arbeidsoppgåver
  • Systemansvarleg for journalsystemet Profil
  • Plan- og utviklingsarbeid for helse og omsorg
  • Prosjekt- og prosessleiing for helse og omsorg
  • Delegerte oppgåver frå kommunalsjef som t.d. analyse og sakshandsaming
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Relevant helsefagleg utdanning på høgskulenivå 
  • Det er ønske om vidareutdanning innan IKT og prosjektleiing, gjerne masterutdanning med relevans for stillinga
  • Kjennskap til lov- og avtaleverk innan helse og omsorg
  • Godt norsk språk både munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat verksemd
  • Erfaring med plan- og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar
  • Tenker strategisk og har fokus på utvikling
  • Er fleksibel, jobbar sjølvstendig og jobbar godt saman med andre
  • Set i gang og fullfører oppgåver
  • Er strukturert og analytisk
  • Har innsikt i kommunal forvaltning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø og varierte oppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
  • Flyttegodtgjersle om du flyttar til Stad kommune

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Referansar bør vere av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med stabsleiar strategi og samordning. 

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, 92 85 59 00
Kristin Otneim Aarsnes, stabsleiar strategi og samordning, 99 60 40 80

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Stad kommune

Referansenr.:4563978213
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2022

Søk stillinga!

Stad kommune

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!