Skip to content

Sakshandsamar i helse og omsorg – Stad kommune

  • by

Stad kommune har frå 01.01.23 ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar innan helse og omsorg.

Vi søkjer deg som er drivande engasjert med sterk fagleg kompetanse til å utvikle framtidas tenestilbod. 

Du skal sjølvsagt ikkje gjere dette åleine. I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysningane saman. Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Stillinga er ein del av kommunen sitt sakshandsamarteam, som er organisert i heimetenesta.

Teamet skal svare på spørsmål, gje rettleiing og handsame søknader om helse- og omsorgstenester. Teamet har også ansvar for oppfølging av fritidskontakter, koordinatorar og tilrettelegging av kommunen si koordinerande eining. Det ligg også til teamet sitt ansvarsområde å handsame all klagebehandling i samsvar med kommunen sine tildelingstenester. Vi arbeidar strukturert etter gode planer, og vi likar å jobbe smart ved å utnytte digitale hjelpemidlar og system.

Som sakshandsamar i Stad kommune vil du få kollegaer som bryr seg om kvarandre. Ein av våre styrker er at vi er ein trygg og helsefremjande arbeidsplass, og du vil ha høve til fagleg og personleg utvikling. Vi deler kompetansen vår med kvarandre og formidlar både idear, fag og erfaring. Viss du deler ambisjonane våre vil vi gjerne ha deg med på laget vårt. 

Arbeidsoppgåver

Sakshandsamarteamet har ansvar for: 

  • mottak og rettleiing av nye henvendingar
  • oppfølging av fritidskontakter
  • kartlegge, sakshandsame og evaluere vedtak
  • legge fram saker i tildelingsmøte
  • koordinering av utskrivingsklare pasientar
  • gode overgangar mellom tenestenivåa
  • kvalitetsforbetring knytt til sakshandsaming
  • koordinerande eining (KE)
Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg utdanning på høgskulenivå.
  • Vidareutdanning innan forvaltningsrett og helse- og omsorgsjuss . Om du har kjennskap til og erfaring innan området kan du søkje, men det vil være eit krav at vidareutdanning vert gjennomført etter oppstart i stillinga. 
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.
  • Kunnskap om kommunen sitt elektroniske fagprogram profil.
Personlege eigenskapar
  • Sakshandsamar bør ha brei fagleg kunnskap og erfaring.
  • Du er innovativ, fagleg oppdatert og nysgjerrig i forhold til utvikling av helse og omsorgstenestene. 
  • Du viser gode samarbeidsevner og likar tverrfagleg samarbeid.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og kunne vere fleksibel og kreativ.
  • Du har evne til å få tillit med brukarar, pårørande og tilsette.
  • Du har stor arbeidskapasitet og jobbar effektivt i eit team.
  • Du skal medverke til å skape ei fagorientert, inkluderande og samhandlande personalgruppe.
  • Du har evne og vilje til å reflektere over eigen praksis.
  • Du har førarkort.
Vi tilbyr
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle


Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Stad kommune

Referansenr.:4591101442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2022

Søk stillinga!

Stad kommune

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!