Skip to content

Økonomikonsulent til Tokke kommune

  • by

100% fast stilling som økonomikonsulent for tida ved sentraladministrasjonen, økonomiavdelinga

Ved sentraladministrasjonen, økonomiavdelinga er det ledig 100% fast stilling som økonomikonsulent,tilsetjing snarast råd.

ØKONOMIKONSULENT

Stillinga vil ha hovudarbeidsområde innan lønsarbeidet. Det er om lag 250 årsverk i kommunen. Me nyttar økonomisystemet UBW Agresso. Avdelinga har ansvaret for kommunerekneskapen, rekneskapen til Tokke kyrkjelege fellesråd og fleire legat, innfordring av kommunale avgifter og rekningar, og delansvar for budsjett- og økonomiplanarbeidet. Avdelinga tek også del i økonomisk sakshandsaming og medarbeidarane skal vera konsulent for etatane i økonomiske og administrative saker.

Arbeidsoppgåver

  • Lønsarbeid frå A-Å
  • Registrering, kvalitetssikring og kontroll av lønsdata
  • Innmeldingar, rapportering og avstemmingar
  • Vera konsulent for etatane
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med 3 års relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå fagområdet kan kompensere for heile eller delar av formell utdanning
  • Erfaring frå lønsarbeid er ynskjeleg, erfaring frå kommunal eller offentleg sektor er ein fordel
  • God kunnskap om bruk av IKT-verktøy er også ynskjeleg
  • Kjennskap til lovar og reglar innan løn og fråvær

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner med vekt på god kommunikasjon
  • Evne til arbeide sjølvstendig, nøyaktig og effektivt
  • Løysingsorientert og evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Fleksibel og evne til å takle hektiske arbeidsperiodar
  • Positiv og serviseinnstilt

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Variera og utfordrande oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter tariffavtale
  • Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Ynskjer du meir informasjon ta kontakt med økonomisjef Tjøstov Djuve på mobil: 91840562 eller e-post: tjostov.djuve@tokke.kommune.no

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane bli gjort offentleg.

Søknad blir å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 7. januar 2023

Velkomen som søkjar!

Tokke kommune

Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2132 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen. Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule. Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.