Skip to content

Planleggar til Herøy kommune

  • by
Foto: Øyvind Kåre Sunde

Utviklingsavdelinga byr på spanande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor areal- og samfunnsplanlegging, næringsutvikling, grunnerverv, byggesak og kartverk/oppmåling.
Vi har høgt tempo og arbeider med ei stor portefølgje av ulike saker. Vi leitar no etter ein rådgjevar i arealplanlegging og samfunnsplanlegging.
I Herøy har vi kjerneverdiane respekt, tillit og samhandling og vi treng tilsette som kan arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming og utarbeiding av alle typar reguleringsplanar
  • Samfunnsplanlegging og byutvikling
  • Dialog med eksterne aktørar som innbyggarar, konsulentar og regionale myndigheiter
  • Prosjekt- og prosessleiing
  • Informasjonsarbeid og rettleiing av innbyggarar, føretak, lag og organisasjonar innan ulike stønadsordningar
  • Andre arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på bachelor eller masternivå innan arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur eller liknande
  • Kompetanse og erfaring innan fagområdet kan vege opp for mindre utdanning
  • Relevant erfaring frå offentleg og/eller privat verksemd vert vektlagt, men også nyutdanna vil verte vurderte
  • God kjennskap til plan- og bygningslova, offentleg forvaltning og planprosessar, sakshandsaming, medverknadsprosessar med meir
  • Fagleg interessert innan temaet arealplanlegging og samfunnsplanlegging
  • God digital kompetanse og evne til å lære nye program
  • Førarkort klasse B (manuell gir)
Personlege eigenskapar
  • Du er samfunnsengasjert med god rolleforståing
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner 
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Det vert lagt vekt på at du må vere eigna for stillinga med engasjement og ynskje om å fremje utvikling av kommunen og planfaget.

Vi tilbyr
  • Triveleg arbeidsplass med gode vilkår for opplæring og fagleg utvikling
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Gode pensjonsordningar og frivillig fritidsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid og løn etter avtale

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarliste kan verte offenteleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Arbeidsstad

Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg

Kontaktinformasjon

Ole Magne Rotevatn, Avdelingsleiar, 90974128

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2023

Søk på stillinga

Foto: Gard Warholm

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre.  Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda  utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.  Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular.  Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske.  Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle.  Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!