Skip to content

3-årig prosjektstilling innan planarbeid og samfunnsutvikling – Lesja kommune

  • by

3-årig prosjektstilling innan planarbeid og samfunnsutvikling,

100 % stilling frå 01.06.23, Forvaltningsavd. Søknad innan 22.02.23.

Lesja kommune ligg øvst i Gudbrandsdalen og har 1 986 innbyggjarar. Området er ideelt for friluftsliv året rundt. Kommunen har gode tenestetilbod. Stillinga er fysisk plassert på Lesja kommunehus. Forvaltningsavd har pt 6 årsverk (tenesteleiar/planleggar, ingeniørar – byggesak, oppmåling, plan- og miljørådgver). Det er forholdsvis stor byggeaktivitet i kommunen med hovedtyngde på fritidsbustadbygging vest i kommunen.

Lesja kommune er i gang med revisjon av kommuneplanens arealdel. Dette er eit viktig arbeid for å styrke utviklinga i kommunen. Ynskjer du å jobbe i eit aktivt og positivt team med samfunnsutvikling og arealplanlegging der vi skal finne gode løysingar for nye næringsområder, bustadsområder og samfunnssikkerheit m.m?

Hovudarbeidsoppgåver:

  • kommuneplanens arealdel og kommunale planer
  • Utarbeide plandokumenter og prosessarbeid
  • Teikne plan og digital framstilling
  • Prosjektarbeid og varierte oppgåver
  • Saksbehandling etter plan- og bygningsloven
  • Andre oppgåver etter oppdrag frå leiar

Vi ser etter deg som er:

  • motivert og serviceinnstilt og tar initiativ
  • god til å jobbe sjølvstendig og i team
  • strategisk og kan jobbe godt med samfunnsutvikling
  • positiv og bidrar til eit tverrfagleg samarbeidsmiljø
  • uadanna med høgskule-/ingeniørutdanning/arkitekt/samfunnsplanlegging med meir innanfor fagområde plan og GIS og/eller relevant erfaring
  • erfaren med plan, GIS og gjerne matrikkel
  • god til å kommunisere skriftleg og muntleg på norsk
  • har førarkort klasse B (personbil)

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibilitet.
  • Personleg utvikling.
  • Opplæring og kursing.
  • Nettverk på tvers av kommunegrenser.
  • Ein jobb midt i friluftseldoradoet Lesja.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Nærare info: Tenesteleiar for Forvaltning, Marit Svanborg, tlf 909 20 323

Kommunen er behjelpeleg med å skaffe bustad. Kommunen har gode tilbod på barnehageplassar og arbeider etter tverrfagleg oppvekstmodell som gjev trygge oppvekstmiljø.

Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 22.02.2023

Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.

Oversikt over utdanning og praksis skal fyllast ut.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla om dette.

Evt søknadspapir blir ikkje returnert.