Skip to content

Landmålar – Lesja kommune

  • by

Landmålar / oppmålingsingeniør, vikariat i 100 % st frå snarast til 31.12.23, Forvaltningsavd. Søknad innan 22.01.23.

Landmålar / oppmålingsingeniør, vikariat i 100 % st frå snarast til 31.12.23, Forvaltningsavd

Lesja kommune ligg øvst i Gudbrandsdalen og har 1 986 innbyggjarar. Området er ideelt for friluftsliv året rundt. Kommunen har gode tenestetilbod. Stillinga er fysisk plassert på Lesja kommunehus. Forvaltningsavd har pt 6 årsverk (tenesteleiar/planleggar, ingeniørar – byggesak, oppmåling, plan- og miljøkons). Det er forholdsvis stor byggeaktivitet i kommunen med hovedtyngde på fritidsbustadbygging vest i kommunen.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling etter matrikkelloven, plan- og bygningsloven og anna relevant lovverk
  • Matrikkelføring
  • Delingssaker
  • GIS-arbeid (kartarbeid)
  • Rettingar og samanslåingar
  • Ajourhold av digitalt kartverk og register
  • Føring av konsesjonssaker
  • Rettleiing
  • Andre oppgåver etter oppdrag frå leiar

Vi ønskjer søkjarar som:

  • Er ryddig, motivert og serviceinnstilt
  • Evne til å bidra til godt samarbeidsmiljø
  • Har relevant høgskule-/ingeniørutdanning innanfor fagområde oppmåling / geomatikk / eigedomsrett
  • Har godkjent autorisasjonsprøve eller er villig til å ta den
  • Gode datakunnskapar
  • Har matrikkelføringskurs
  • Det er ønskeleg med erfaring frå eigedomsmåling og GIS/kartkompetanse
  • Har god kommunikasjonsevne både skriftleg og muntleg på norsk
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Førarkort klasse B (personbil)

Vi tilbyr:

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibilitet.
  • Personleg utvikling.
  • Opplæring og kursing.
  • Nettverk på tvers av kommunegrenser.
  • Ein jobb midt i friluftseldoradoet Lesja.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Lønn etter avtale

Nærare info: Tenesteleiar for Forvaltning, Marit Svanborg, tlf 909 20 323

Kommunen er behjelpeleg med å skaffe bustad. Kommunen har gode tilbod på barnehageplassar og arbeider etter tverrfaglig oppvekstmodell som gjev trygge oppvekstmiljø.

Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 22.02.2023

Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.

Oversikt over utdanning og praksis skal fyllast ut.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla om dette.

Evt søknadspapir blir ikkje returnert.