Skip to content

Lærarar i grunnskulen – Suldal kommune

  • by

Verdas viktigaste jobb. Me treng fleire dyktige lærarar i Suldalsskulen.

Me søkjer deg med godkjend grunnskulelærarutdanning eller anna utdanning som gir undervisningskompetanse i grunnskulen, som vil vera med å utvikla eit trygt og godt skulemiljø der elevane sitt læringsutbyte, klasseleiing, tilpassa opplæring og relasjonskompetanse står sentralt.

Frå 01.08.23 har me ledig undervisningsstillingar i varierande storleik både fast og vikariat i barne- og ungdomsskulen.  Utlysinga gjeld og stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart.  Ønskje om stillingsstorleik og arbeidsstad må opplysast i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
  • Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
  • Du må vera fleksibel og positiv.
  • Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
  • Erfaring med og kunnskap om å nytta digitale verktøy i undervisning
  • Du må trivast saman med elevar og føresette

 Personlege eigenskapar:

  • Vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.  
  • Vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
  • Vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
  • Gode stønadsordningar for vidareutdanning
  • Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
  • Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor ved den einskilde skule eller kommunalsjef for oppvekst Ingebjørg Rullestad Gjerde mob 41692867.

Er du klar?  Me treng deg!

Dette er skulane i Suldal.

Erfjord skule
Rektor Aina Vaage mob 45201277 www.minskule.no/erfjord
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. – 7. kl med ca 65 elevar.

Marvik skule
Rektor Tanja Bergby mob 41556578 www.minskule.no/marvik
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 25 elevar.

Nesflaten oppvekstsenter
Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131 www.minskule.no/nesflaten
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 20 elevar.

Jelsa oppvekstsenter
Rektor Karin Nessa mob 47266449 www.minskule.no/jelsa
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med ca 20 elevar.

Sand skule
Rektor Jorunn Hoås mob 91574334 www.minskule.no/sand
Sand skule har ca 290 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn.                                          

Vanvik oppvekstsenter
Kontaktperson Brit Elin Håranes mob 40482226 www.minskule.no/vanvik
Vanvik oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med ca 8 elevar.

Vinjar skule
Rektor Laila Røkenes mob 99732273 www.minskule.no/vinjar
Vinjar skule er ein barneskule med ca 90 elevar.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 03.02.2023