Bokn kommune har ledig 100% stilling som flyktningkoordinator
Vil du å vere med på laget?
Integreringsarbeidet i Bokn kommune er i utvikling og me leitar etter deg som er motivert og engasjert og ynskjer å bidra med kompetanse og kunnskap innan dette feltet.
Kommunen har busette 15 flyktningar i 2022, og det er vedtatt mottak av inntil 20 flyktningar i 2023.
Arbeidet i integreringstenesta inneber å jobbe med busetting, etablering, kvalifisering og integrering. Målet er å fylgje opp flyktningane i kommunen, slik at dei raskast mogleg finn seg til rette i lokalsamfunnet og blir sjølvstendige og aktive medborgarar
Arbeidsoppgåver:
- Ta imot og hjelpe nye flyktningar i etableringsfasen
- Praktisk tilrettelegging og rettleiing av enkeltpersonar og familiar
- Koordinere og iverksette individuelt tilpassa introduksjonsprogram
- Oppfylging av enkeltdeltakarar gjennom introduksjonsprogrammet
- Undervisning / rettleiing
- Samarbeid med andre tenester i kommunen og aktuelle instansar som NAV, politi og IMDI
- Samarbeid med næringsliv og frivillige organisasjonar
- Kartlegging og sakshandsaming
- Noko arbeid på kveld må påreknas
Kvalifikasjonar:
- Relevant universitets-/ høgskuleutdanning
- Relevant erfaring frå arbeid med flyktningar kan kompensere for kravet om høgare utdanning
- Digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på minimum norsk og engelsk
- Førarkort klasse B, må disponere eigen bil
Me søker deg som:
- Er engasjert, likar utfordringar og er løysingsorientert
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har interesse for tverrkulturelt arbeid og integrering
- Er systematisk, pliktoppfyllande og fleksibel
- Har evne til å skape tillit, gode møte og bygge relasjonar
- Har erfaring med eller interesse for tverrkulturelt arbeid og integrering
- Er positiv og imøtekomande
Personlege eigenskapar og motivasjon vert vektlagd.
Me kan tilby:
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings – og pensjonsordningar
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktperson:
Grethe Heimvik – Stillingstittel: Kommunalsjef Helse
Telefon: 92827295
Epost: grethe.e.heimvik@bokn.kommune.no
Søknadsfrist: 28.02.2023
Søk her!

Bokn kommune er ein øykommune med omlag 860 innbyggjarar. Kommunen opplever ein aukande popularitet som destinasjon for friluftsliv, fiske og hytteturisme. Kommunen ligg midt i ei ferdselsåre mellom Nord – og Sør -Rogaland med kort avstand frå Haugesund, Karmøy og Tysvær. Kommunen ligg om lag ein time frå Stavanger.