Frå 01.07.23 er det ledig 100 % fast stilling som PPT leiar i Etne og Vindafjord.
PP-tenesta arbeider individ- og systemretta med barn og unge i barnehagar og grunnskular og blir drive saman med Etne kommune, der Vindafjord er vertskommune. PP-tenesta har 6,5 årsverk i Etne og Vindafjord kommune inkludert leiar. Tenesta har tilgang til 0,8 årsverk merkantil. Kontorlokala er på rådhuset i Vindafjord. Tenesta er samlokalisert med barnevern, helsestasjon, familieteam og barnehage-/skuleeigar. PPT er organisert under rammeområde oppvekst og kultur.
PP-tenesta sine oppgåver og drift er heimla i barnehagelova og i opplæringslova. Tenesta skal hjelpa barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for barn/elevar med særlege behov. PP-tenesta er med i arbeidet for tidleg innsats og førebygging. Kvar barnehage og skule har ein PP-rådgjevar som fast kontaktperson og samarbeidspart. Både Etne og Vindafjord er BTI-kommunar der Stafettloggen blir nytta i samarbeid for barn sitt beste og fylgjer tilvisingar til PP-tenesta. Kommunane har søkt om midlar til hovudprosjekt for «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis», der PPT skal vera med å utvikla praksis. Leiar inngår i kommunalsjefen si overordna leiargruppe i oppvekst.
Me treng ein leiar som:
- har lyst å vere med å utvikle PPT i Etne og Vindafjord
- har svært god kompetanse innan eitt eller fleire fag som ligg innanfor PPT sine tenesteområde
- er systematisk og analytisk
- har gode leiareigenskapar. Det er ein fordel om du har leiarutdanning og leiarerfaring
- har erfaring i å rettleie kollegaer, foreldre og lærarar, og vil utvikle systemarbeidet i barnehage og grunnskule
- er sterk på kommunikasjon og samarbeid
- ser verdien i tverrfagleg samhandling
- har digital kompetanse
Me kan tilby:
- varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
- eit godt etablert tverrfagleg samarbeid i kommunane
- ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og på utvikling
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet. Den som vert tilsett, må legge fram gyldig politiattest.
Søknaden skal leverast elektronisk. Om du treng hjelp, ta kontakt med Servicetorget, tlf. 53 65 65 65.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktperson:
Nils Erik Eide
Telefon:+47 98286872
Epost:nils.erik.eide@vindafjord.kommune.no
Søk her
Søknadsfrist: 10.03.2023

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.