100% fast silling frå snarast – ID 2023/668
Vinje kommune søkjer ein engasjert og dyktig arkivleiar. Som arkivleiar vil du ha ei nykelrolle i arbeidet med å forbetre arbeidsprosessar innan fagfelta dokumentforvaltning, dokumenttryggleik og arkiv. Kommunen har eit stort fokus på digitalisering av tenestane og arkivleiar vil deltaka i spanande utviklingsprosjekt på området. Vinje kommune utfører arkivtenester for Vest-Telemark Brannvern, og arkivleiaren vi vere ein viktig pådrivar i utvikling av samarbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvarleg for at arkivarbeid og dokumentforvaltning blir utført i tråd med gjeldande lovverk og retningsliner
- Ansvar for å identifisere, vidareutvikle og forbetre rutinar, arbeidsmetodar og arbeidsprosessar
- Systemansvarleg for kommunens sak-/arkivsystem
- Ansvar for opplæring, rettleiing og brukarstøtte til leiarar og saksbehandlarar
- Ansvar for vedlikehald av kommunens arkivplan
- Taka del i tverrfaglege arbeidsgrupper med utviklingsoppgåver for organisasjonen
- Taka del i digitaliseringsprosjekt
- Evt. daglege driftsoppgåver t.d. ved fråvær og feriar
Faglege kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning på bachelornivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet, alternativt at ein forpliktar seg til å ta relevant utdanning/kurs i samråd med leiar.
- IKT-kompetanse utover grunnleggande ferdigheiter
- God kunnskap om og erfaring med elektroniske sak-/arkivsystem. Kjennskap til Elements er ein fordel.
- Godt kjennskap til offentleg lov og regelverk
Personlege eigenskapar
- Har evna til å jobbe sjølvstendig og som ein del av eit team
- Evne til å tenke innovativt
- Er god til å dele kunnskap, motivere og inspirere for å oppnå gode resultat
- Er systematisk, nøye og har god ordenssans
- Gjennomføringsevne
- Kan planlegge og leie utviklingsprosjekt og prosessar
- God skriftleg kommunikasjonsevne på nynorsk
- Er engasjert og fleksibel
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
At du er personleg eigna og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vil bli lagt vekt på.
Me kan tilby
- Spennande arbeidsoppgåver i eit kompetent og engasjert team
- Godt arbeidsmiljø med mykje humør
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- God støtte frå leiar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor
- Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunens anlegg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ulykkesforsikring også i fritida
- Konkuransedyktig løn
Vinje kommune er oppteken av mangfald og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i Vinjesamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad må du sende på elektronisk skjema. Link til skjema finn du her
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til organisasjonssjef Margit Elise Karlsen på telefon 90 52 62 82 eller e-post margit.elise.karlsen@vinje.kommune.no
Søknadsfrist: 19.03.23
