- Austrheim kystbarnehage er ein av to kommunale barnehagar i Austrheim.
- Barnehagen har i dag 80 barn som er fordelt på 6 avdelingar.
- Det er to småbarnsavdelingar, tre avdelingar med barn 2-4 år og ei førskulegruppe.
- 26 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. Deltid og fulltid.
- Vi er stolt og fornøyd med utforminga og plassering av barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare.
Avdelingane har eit stort opphaldsrom, i tillegg to gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Alle avdelingane har eigen inngang med eigen grov – og fingarderobe.
Rundt oss har vi, forutan ein fantastisk leikeplass; flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø og båt.
Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg. Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje barna gode opplevingar og la dei erfare det gode med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen. - I barnehagen vil vi ha deg som er opptatt av å gje kvart barn og barnegruppa gode dagar med gleder og allsidig læring.
Arbeidsoppgåver
- Ta initiativ og delta i daglege rutiner med barna i barnehagen
- Være med på/tilrettelegge for aktiviteter både ute og inne
- Gje omsorg og være ein trygg rollemodell
- Bidra til leik, men til tider også observere og være tilstades
- Ta ansvar for å setje deg inn i barnehagen sine rutiner og aktiviteter
- Kontakt med føresatte og kollegaer i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Fagarbeider barn og ungdomsarbeider
- Har gjerne relevant utdanning eller erfaring fra barnehage
- MÅ ha plettfri vandel, og kunne fremvise gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein empatisk, initiativrik og engasjert fagarbeider
- Du er ein omsorgsfull rollemodell som kommuniserer og har gode samarbeidsevner.
- Du er nygjerrig i arbeidet med barn og er ein engasjert voksenperson.
- Påkobla når du er på jobb saman med barna, og du tar initiativ når du ser arbeidsoppgåver som må løysast.
Vi tilbyr
Leike så mykje du vil, og enda litt til.
Frisk luft fleire timar kvar dag
Tarifflønn
Vikariat, men mogleg for fast stilling på sikt inneverande år.
Oppfølging av veileder det første halvåret.
Kontaktinformasjon
Britt Ystebø, Styrar
Arbeidsgivar: Austrheim kommune
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.02.2023
Søk her!
