Skip to content

Barnehagelærar – Austrheim kystbarnehage, Austrheim kommune

  • by

Vil du bli barnehagelærar i Austrheim kystbarnehage ?

Austrheim kystbarnehage  er ein av to kommunale barnehagar i Austrheim.  Barnehagen har i dag 80 barn som er fordelt på 6 avdelingar. Det er 26 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Vi er stolt og fornøyd med utforminga og plassering  av barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare.
Kvar avdeling har eit stort opphaldsrom, i tillegg gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Avdelingane har også eigen inngang med eigen grov- og fingarderobe. 
Rundt oss har me, forutan ein fantastisk leikeplass, flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø og båt.
Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg.  Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer å gje borna gode opplevingar og la dei erfare det gode med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen. 

  • I barnehagen vår må du bidra med gjennomføring, didaktisk planlegging og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet.
  • Ta ansvar for grupper av born, delta i og observere borna sin leik for å fremme utvikling og læring hjå barnet.
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Vere deltakane og delaktig i det pedagogiske arbeidet, både på avdeling og inn i leiarteam saman med styrar og dei andre pedagogane.
  • Delegere og ta ansvar.
  • Ha oversikt over det pedagogiske og praktiske på eiga avdeling, men også på andre delar av barnehagen dersom det er behov for det.
Kvalifikasjonar
  • Barnehagelærar
  • Sjå barnet og vere saman med barnet, observere og finne gode løysingar saman.
  • Vere vaksen som vil bygge relasjoner til borna og som kan tilby eit fang når dette er behov.
  • Legge til rette for leik, læring og samarbeid.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering – drifte prosjekt på si avdeling, og kunne samarbeide med instansar rundt seg.
  • Bringe saker inn til drøfting til styrar, vere deltakande i leiarteamet og vere deltakande i evt prosjekt og grupper innad og utanfor barnehagen.
  • Foreldresamarbeid og gjennomføre foreldresamtalar når ein har blitt kjent med borna.
  • Deltakane i møter; avdelingsmøter, ped.leiarmøter og personalmøter.
  • Må ha plettfri vandel, og kunne framvise gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
  • Vere ein person som ynskjer å bygge gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar.
  • Kunne samarbeide om å finne løysingar med dei andre på avdelingane, pedagogane og leiar.
  • Vere ein pedagogisk stødig person som har fokus på barnet og barnegruppa i det faglege arbeidet, men og det praktiske
    arbeidet som må til på ei avdeling. 
  • Men først og fremst er borna det viktigaste – gje dei eit trygt og godt barnehagemiljø :
  • Leike, vere spontan.
  • Framheve dei positive eigenskapane til borna. Ta borna i å gjere noko godt og lytte til barnet.
Vi tilbyr

– Lønn etter tariff
– KLP pensjon
– Opplæring internt og eksternt
– Eit personale,frå lærling til leiar, som står på – vi ser framover!

Kontaktinformasjon

Britt Ystebø, Styrar, 91812728, Britt.ystebo@austrheim.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Austrheim kommune

Referansenr.: 4614886563
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.04.2023
Sluttdato: 31.12.2023
Søknadsfrist: 28.02.2023

Søk her!

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn!