Hyllestad kommune har ledige stillingar som sjukepleiarar i omsorgstenestene. Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen. Sjukepleiarstillingane er organisert i stab, der du enkelte dagar arbeider “på toppen” og andre dagar deltek i pleien. Arbeidstida er p.t. etter oppsett årstunus, arbeid 3. kvar helg og tredelt (dag, kveld og natt).
Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.
Arbeidsoppgåver
- Utøve sjukepleie til brukarane
- Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt
- Delta i legevaktsordning i samarbeid med legavakta i Førde
- Delta i bakvaktsordning
- Medikamenthandtering
- Ha kontakt med pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gjerne relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar
- Førarkort for personbil
- Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn, 20.000 ekstra for dei som arbeider i turnus
- Spennande arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å finne bustad
- Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
- Bustadtilskot til førstegongsetablerarar i kommunen etter eigne reglar
Velkomen som søkjar!
Kontaktperson:
Hilde Håvåg – Fagleg leiar
Telefon: 40414761
Epost: hilde.havag@hyllestad.kommune.no
Søknadsfrist: 12.03.2023
Søk her!

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden.
Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.
I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info