Hyllestad skule har ledig fast 100 % stilling som lærar frå skulestart hausten 2023.
Vi søkjer etter ein ny kollega som har følgjande fag i utdanninga si; Tysk, matematikk 60 stp., engelsk 60 stp., kroppsøving, norsk 60 stp., naturfag, norsk for framandspråklege eller krle.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av læringsarbeid
- Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre
- Kontaktlærarfunksjon må påreknast
- Oppfølging av elevar og kontakt med føresette
- Samarbeid i team
- Deltaking i skulen sine utviklingsprosessar
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- Helst minimum 60 stp i tysk og ekstra fag som til dømes matemtatikk (60 stp), engelsk (60 stp), norsk (60 stp), musikk, naturfag, kroppsøving, krle eller norsk for framandspråklege.
- Erfaring og god kompetanse i bruk av digitale læringsverktøy
- Undervisningserfaring er ein fordel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Du er ein god og tydeleg klasseleiar
- Du er god på relasjonar og kommunikasjon
- Du er bevisst ansvaret ditt
- Du likar å arbeide med barn og ungdom
- Du er engasjert i å skape eit godt og inkluderande skulemiljø
- Du veit at du er ei viktig brikke til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast best i ein aktiv og travel kvardag
- Den som vert tilsett må kunne framvise godkjent politi- og helseattest før tiltreding
Vi kan tilby
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kvalifiserte kollegaer
- Ein arbeidsplass som er oppteken av kollektiv og individuell læring
- Mentorordning for nyutdanna og nytilsette
- Moglegheit for vidareutdanning
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Bustadstilskot ved husbygging for førstegangsetablerarar
- Gratis tilgang til styrke- og spinningsal i idrettshallen
- Løn etter tariff
Kontaktperson:Kristin EimindStillingstittel:RektorTelefon:47281917Epost:kristin.eimind@hyllestad.kommune.no
Søknadsfrist: 12.03.2023
Søk her!