Skip to content

100% stilling om verksemdsleiar for tenesta for funksjonshemma – Ullensvang kommune

  • by

100% vikariat som verksemdsleiar for tenester for funksjonshemma


Er du ein leiar som inspirerer og utvikler?

Vår verksemdsleiar skal ut i permisjon og me søker vikar, med moglegheit for fast tilsetjing i Ullensvang kommune.

Me ser etter deg som:
har eit brennande engasjement for mennesker, fag og kvalitet innanfor eit viktig fagfelt.
er flink til å byggje relasjonar, drive påverknadsarbeid, motivere andre og skape engasjement både eksternt og internt.
framstår trygg, fleksibel og løysingsorientert.
gjennom tydeleg kommunikasjon og fokus på samarbeid, bidrar du til eit godt arbeidsmiljø.
jobbar målretta, strukturert og systematisk og er glad i å byggje solide tiltak som dekkjer viktige samfunnsbehov.

Verksemdsleiar for tenesta har ansvar for dagleg drift og vidare utvikling av verksemda ut frå ein heilskapleg helse- og sosialfagleg tilnærming. Du vil ha overordna ansvar for administrasjon, økonomi, personal og fag.

Tenester for funksjonshemma har avdelingar ved Bufellesskap i Odda, Avlastningsbustad i Odda, Bufellesskap i Kinsarvik og Dagaktivitetssenter i Odda. Avdelingsleiarar ved desse tenestene utgjer leiargruppa i lag med verksemdsleiar. I tillegg har ein fagleiar ved Bufellesskapet i Odda.


Dette er ei spanande stilling for rett person, saman med dyktige og engasjerte kollegaer!


100% vikariat som verksemdsleiar for tenester for funksjonshemma.

Arbeidsoppgåver;

  • Økonomi- personal- og administrativt ansvar for tenester for funksjonshemma.
  • Dagleg drift, forbetring og utvikling av tenesta.
  • Planarbeid.
  • Utvikla stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling og læring står sterkt.
  • Internkontroll, HMS, tenesteutvikling og ressursforvaltning.
  • Er ein del av leiargruppa i Helse og omsorg.

Ønska kompetanse

  • Utdanning og erfaring frå leiing.
  • Kunnskap og erfaring frå systematisk kvalitetsarbeid.
  • Erfaring / utdanning frå innovasjon og organisasjonsutvikling.

Krav til kompetanse

  • Relevant høgskuleutdanning.
  • God kunnskap om relevant lovverk og nasjonale føringar.
  • Erfaring som leiar.

Personleg eignaheit vert vektlagt. For å lykkast i denne leiarstillinga, bør du kjenna deg att i fleire av desse eigenskapane:

  • Inkluderande og støttande.
  • Gode samarbeidsevner og tek initiativ.
  • Strukturert, analytisk og nøyaktig.
  • Tydeleg og drivande.
  • Handtera periodar med stort arbeidstrykk.
  • Engasjert og godt humør.

Andre krav

  • Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode IKT kunnskapar.

Me tilbyr;

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
  • Dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Høve til personleg utvikling og kompetanseheving med støtte frå kommunen.
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Løn etter avtale.


Jobbtype: Vikariat med moglegheit for fast tilsetjing
Heiltid/Deltid: Heiltid
Verksemd: Tenester for funksjonshemma
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 22.03.2023
Arbeidsstad: Odda

Link til søknadsskjema: Søk her

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Tar du utfordringa ?