Helse- og omsorgstenestene i Hyllestad har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut, oppstart etter nærare avtale.
Vi ønskjer oss ein ergoterapeut som har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak for innbyggjarar i alle aldrar, korleis finne dei gode løysingane for eit aktivt liv. God samhandling internt og tverrfagleg er viktig, vi yter tenester til alle aldersgrupper, både heimebuande og institusjonen. Vi ser det som viktig å arbeide førebyggjande, tenkje helsefremmande, livsløp og ha eit familieperspektiv på arbeidet.
Ergoterapeutstillinga er organisatorisk plassert i stab i omsorgstenestene, med fagleiar som næraste overordna.
Det vil i tillegg til ergoterapeutstillinga vere tilknytt full stilling som fysioterapeut knytt til helse- og omsorgstenestene.
Arbeidsoppgåver m.a.
- Tverrfagleg samarbeid med helsetenesta
- Delta i rehabiliteringsarbeidet i kommunen
- Delta i heimebesøk for å kartlegge brukarar sine behov og funksjonsnivå, rettleiing og opptrening
- Formidling av hjelpemiddel
- Drifte “Aktiv på dagtid” og frisklivssentral (er under etablering)
- Bidra til god internkontroll og kvalitetsutvikling
- Ivareta naudsynt rapportering internt og eksternt
- Intern opplæring
- Dokumentasjon, vi nyttar CosDoc som journalsystem
Kvalifikasjonar
- Bachelor i ergoterapi/norsk autorisasjon som ergoterapeut
- Du har gode kommunikasjonsevner og likar å arbeide saman med andre for å nå mål
- God IT-kompetanse, gjerne innan helse og velferdsteknologi
- Førarkort for personbil (B)
- Det må framvisast tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, oppteken av relasjonar
- Vere sjølvstendig, men òg kunne jobbe i team
- Evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Nye og moderne kontor og treningsrom på omsorgssenteret
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Gode arbeidskollegaer
- Løn etter kvalifikasjonar og tariff
- Fleksitid, vanleg dagarbeidstid, moglegheit for å påverke arbeidstida i viss grad
- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
- Gode pensjonsordning i KLP, 2 % av løna går til pensjon
- Hjelp til å finne bustad, eventuell barnehageplass og bistå med å finne arbeid til partnar
- Bustadtilskot ved førstegangsetablering etter eigne reglar
- Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
Søk stillinga
Søknadsfrist: 30.04.2023
Velkomen som søkjar!
Kontaktpersonar:
Adm.leiar Unni Systaddal
mob: +47 48179160
Fagleiar Hilde Håvåg
mob: +47 40414761
HR-leiar Elin Garnes Solås
tlf: 57789504
mob: +47 57789504

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.
I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info