**Hyllestad skule har ledig fast 100 % stilling som lærar frå skulestart hausten 2023.**Vi har ledig 1-2 stillingar for fast tilsetting.
Vi søkjer etter ein ny kollega som har følgjande fag i utdanninga si; Tysk, matematikk 60 stp., engelsk 60 stp., kroppsøving, norsk 60 stp., naturfag, norsk for framandspråklege eller krle.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av læringsarbeid
- Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre
- Kontaktlærarfunksjon må påreknast
- Oppfølging av elevar og kontakt med føresette
- Samarbeid i team
- Deltaking i skulen sine utviklingsprosessar
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- Erfaring og god kompetanse i bruk av digitale læringsverktøy
- Undervisningserfaring er ein fordel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Du er ein god og tydeleg klasseleiar
- Du er god på relasjonar og kommunikasjon
- Du er bevisst ansvaret ditt
- Du likar å arbeide med barn og ungdom
- Du er engasjert i å skape eit godt og inkluderande skulemiljø
- Du veit at du er ei viktig brikke til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast best i ein aktiv og travel kvardag
- Den som vert tilsett må kunne framvise godkjent politi- og helseattest før tiltreding
Vi kan tilby
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kvalifiserte kollegaer
- Ein arbeidsplass som er oppteken av kollektiv og individuell læring
- Mentorordning for nyutdanna og nytilsette
- Moglegheit for vidareutdanning
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Bustadstilskot ved husbygging for førstegangsetablerarar
- Gratis tilgang til styrke- og spinningsal i idrettshallen
- Løn etter tariff
Hyllestad kommune ligg ytst i Sognefjorden og er ein liten kommune med ein grunnskule. Vi søkjer etter motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, til å lite på og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tenesta vert til gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Skulen ligg i sentrum av Hyllestad, ovanfor kommunehuset, i enden av Åfjorden. Vi har nydeleg utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet, skulen har kort veg til fjæra, enkelte fjelltoppar og til Kvernsteinsparken. Sistnemnde er også undervisningsarena for 7.kl. ein halv dag i veka.
Vi har eit mangfaldig læringsmiljø med fokus på inkluderande skulemiljø, læreplan og vurdering for meistring. Skulen har ca. 115 elevar fordelt på 1. – 10.trinn.
Visjonen vår er “Gjere for å lære – saman i trivsel og tryggleik”
Velkomen som søkjar!
Søk her
Søknadsfrist: 01.05.2023
Kontaktpersonar:
HR-leiar Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504
mob: +47 90507908
Rektor Kristin Eimind
tlf: +47 57789553
mob: +47 47281917

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.
I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info