Skip to content

Rådgjevar NAV – Hyllestad kommune

  • by

NAV Hyllestad har det faglege og administrative ansvaret for både statlege og kommunale tenester.  Blant dei viktigaste oppgåva blir å sikre gode heilskaplege tenester og ivareta samfunnoppdraget om størst mogleg yrkesdeltaking. Etter lov om sosiale tenester i Nav, har kontoret ansvar for husbankordningane startlån, bustadtilskot og bustønad, i tillegg til den statlege tenestemenyen.

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i NAV-kontoret vårt frå snarast.

Arbeidsoppgåver
  •  Heilskapleg oppfølging av NAV sine brukarar
  •  Hovudfokus i all dialog er arbeid, meistring og inkludering
  •  Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, blant anna lov om sosiale tenester, foskrift om arbeidsretta tiltak og lov om folketrygd
  •  Du må rekne med å måtte utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kommunen skal imøtekome brukarane sine rettar og behov.
  • Samarbeid med andre kommunale tenestar
Ønska kvalifikasjonar
  •  Bachelor innan sosialt arbeid
  •  Anna relevant utdanning og lang praksis kan kompensere for utdanningskravet
  •  God økonomiforståing
  •  Kjennskap til bruk av lovverk innan fagfeltet
  •  Gjerne erfaring frå informasjon, rettleiing og brukaroppfølging
  •  Kan bruke IT som arbeidsverktøy
  •  Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, og gjerne rettleiingskompetanse
  •  Du er oppteken av relasjonar, både til brukarar og kollegaer
  •  Å vere eigna til arbeidsoppgåvene blir vektlagt.
Vi kan tilby
  •  Spennande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  •  Kommunal tilsetting med løn etter tariff
  •  Veldig god pensjonsordning i KLP (2 % frå løna vert trekt til pensjon)
  •  Løn etter kvalifikasjonar og tariff
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  •  Hjelp til å finne bustad, eventuelt barnehageplass, undersøkje om ledig jobb til partnar
  •  Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi er rundt 1280 innbyggjarar, og ligg sentralt plassert mellom Førde og Bergen.  NAV Hyllestad har godt samarbeid med nabokommunane, og deltek i fleire ulike faglege interkommunale team.  Kontorlokala er nyoppussa, og vi har ein moderne og funksjonelt arbeidsplass.  Hyllestad kommune og NAV Hyllestad er oppteken av å tilby gode tenester til innbyggjarar og arbeidsliv.  Som tilsett i kontoret ønskjer vi at du har god forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag, mål, utfordringar og kjennskap til offentleg forvaltning.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 16.04.2023

Kontaktpersonar:
Einingsleiar Rolf Horne
tlf: +47 57789515
mob: +47 46937412

HR-leiar Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504
mob: +47 90507908

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.

Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info