Skip to content

Kommunalsjef oppvekst og kultur Ulstein kommune

  • by

Vi søkjer deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og vidareutvikle Ulstein kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Ulstein kommune. 
Oppvekst-og kulturetaten i Ulstein leverer gode tenester og har ved fleire høve plassert seg høgt på nasjonale målingar. Vi søker ein toppleiar som har dei same ambisjonane.

Arbeidsoppgåver

Som kommunalsjef har du personal-, fag-, budsjett- og resultatansvar. Du har også ansvar for saksførebuing til politisk nivå og å følge opp politiske vedtak.

Du skal leie og utvikle kommunalområdet i eit berekraftperspektiv, og legge til rette for godt samarbeid med heile organisasjonen til det beste for innbyggarane.  Kommunalsjefen er med i leiargruppa til kommunedirektøren. Vi bygger gode, effektive og heilskaplege tenester gjennom samordna planlegging og løysingar på tvers av sektorane. Ulstein kommune har god rekruttering og tilsette med høg kompetanse. Du er oppteken av heiltidskultur og kompetansebygging.

Du skal leie ein organisasjon som er i stadig utvikling. Du er ein samlande, inkluderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft.

Som kommunalsjef er det forventa at du tek aktivt del i overordna kommunal planlegging og lokalsamfunnsutvikling. Du har eit reflektert syn på dei utfordringane kommunesektoren står overfor. Du samarbeider godt med interkommunale einingar og andre kommunar for å løyse dei utfordringane som ligg framfor oss.

Kvalifikasjonar

-relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, og gjerne vidareutdanning innan leiing
-god kunnskap om relevante lover og forskrifter 
-god kunnskap om budsjett og kostnadsstyring, primært innan offentleg verksemd-minimum tre år relevant leiarerfaring, der du har hatt sjølvstendig ansvar for fag, personal og økonomi
-god skriftleg og munnleg framstillingsevne i tillegg til relevant digital kompetanse.

 Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du 

-er ein sterk og tydeleg leiar som gjennomfører framtidsretta utviklingsarbeid i samarbeid med andre
-skaper engasjement, er løysingsorientert, fleksibel og oppteken av kvalitet
-medverkar til eit godt partssamarbeid
-har høg arbeidskapasitet, er sjølvstendig og kan å prioritere
-har god formidlingsevne

Vi tilbyr

-løn etter avtale
-godt arbeidsmiljø
-deltaking i intern leiarutvikling
-deltaking i interkommunalt nettverk
-gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktperson:
Verner Larsen Kommunedirektør
Mobil: 98 23 06 01
E-post: verner.larsen@ulstein.kommune.no

Søknadsfrist: 07.05.2023

Stillinga er plassert i HTA kap.3.4.1 Leiar Stillingskode: 9440 Kommunalsjef.

Tilsetting i samsvar med gjeldande lov-,forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er seks månader.

Søkarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og det kan vere aktuelt å gjennomføre delar av intervjuprosessen som gruppeintervju. Søkarane som vert kalla inn må legge fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Vi vil krevje politiattest før du startar i jobben. 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.