Skip to content

Helsefagarbeidar – faste stillingar – Vestre Slidre kommune

  • by

Vi er inne i ein omstillingsprosess, for til hausten skal sjukeheimen, Bergtun og heimetenesta flytta inn i nytt helsetun. Vi utvidar antall pasientplasser med fire rom, i tilknytning til enhet for mennesker med kognitiv svikt. Stillingane er i utgangspunktet ledig frå 1.oktober 2023, men det kan også vere aktuelt med ein tidligare oppstart etter nærare avtale.  

Vi trenger også helsefagarbeidere både i fast stilling og som vikar på nåværende sjukeheim. Desse stillingane er ledig omgående. Her vil du vil få moglegheit til å vere med å påvirke din nye arbeidskvardag i det nye helsetunet.

Ta kontakt ved spørsmål. 

Arbeidsoppgåver
  • Stell og pleie 
  • Medikamentadministrasjon 
  • Pasientoppfølging 
  • Dokumentasjonsarbeid

Kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeider 
  • God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
  • Grunnleggende datakunnskaper for å ta i bruk journalsystem, og andre dataprogrammer som er i bruk.
  • Gyldig politiattest må leverast 
Personlege eigenskapar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
  • Sjølvstendig og evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
  • Være fleksibel og løysingsorientert

    Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Leiar Sjukeheim, 99690622

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4635552286
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2023

Søk her!

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.