Vestre Slidre kommune har ledig 80% fast stilling som helsesjukepleiar med oppstart så snart som mogleg. Kommunen har eit velfungerande kontorfellesskap der helsestasjonen, rus- og psykisk helseteneste og kommunepsykologen i Øvre Valdres er samlokalisert.
Tenesta har 2 helsesjukepleiarar og ein nyoppretta familieveilederstilling, og er organisert i avdelinga familie, helse og førebygging.
Ønsker du ei stilling der du kan delta i utviklinga av det helsefremmande og førebyggande arbeidet, er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er for tiden knytta til helsestasjon 0- 5 år og skulehelsetenesta 1.-10.trinn
- Ansvar for å følge fastlagt program etter nasjonale, faglege retningslinjer for helsestasjon- og skulehelsetenesta
- Undervisning, veiledning og oppfølging individuelt eller i grupper
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Systemarbeid og forebyggande arbeid
- Vidareutvikling av tenesta.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar med godkjent helsesjukepleiarutdanning og norsk autorisasjon
- Sjukepleiarar under vidareutdanning til helsesjukepleiar kan søke. Tilbod om fast stilling når vidareutdanninga er fullført.
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge
- Førarkort klasse B
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Må trives med å arbeide sjølvstendig
- Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner, innad i tenesta, på tvers av faggrupper og ut mot brukarane
- Evne til å vere løysningsorientert
- Evne til nytenking, utvikling og fleksibilitet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4648954866
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2023
Søk her!

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.