Auka bruk av velferdsteknologi i helsetenesta, gjer til at vi treng ein person med interesse for nye digitale løysingar. Koordinatoren skal vere med og implementere velferdsteknologiske løysingar i vår kommune. Dette vil hjelpe brukarar til å lengst mogleg kunne bu i eigen heim. Kommunen samarbeidar også med dei andre velferds -koordinatorane i dei andre Valdreskommunene, samt IKT avdelinga.
Dette er ei fast 94% stilling, der 60% av stillinga ut 2023 er å jobbe med velferdsteknologi, dette grunna oppstart av nytt helsetun, hausten 2023. Det vil medføre noko meirarbeid til vi er på plass i nytt hus og i ei oppstartsfase. Frå 2024 er det ei 50% stilling som er tiltenkt velferdsteknologi.
Stillinga er i tillegg til å vera koordinator innan velferdsteknologi, også pasientretta i dei resterande prosenta innanfor heimetenesta. Stillinga innehar jobb 3. kvar helg. Velferdskoordinatoren må ha helsefagleg bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar, samt vere pådrivar for velferdsteknologiutviklinga innan helse og omsorg
- Utarbeide/videreutvikle planar og rutiner, samt iverksette kommunens satsingar og tiltak på bruk av velferdsteknologi
- Veilede og bistå leiarar i planarbeid, kartleggingar, rapporteringar og prioriteringar.
- Etablere og leia velferdsteknologisk ressursteam i kommunen. Delta i nettverk og samarbeid der kommunen er involvert.
- Samhandle tett med tenesteområda og med IKT Valdres
- Ha oversikt over nasjonale føringar som vil vere viktige for kommunen
- Sikre at informasjon om digitalisering og velferdsteknologi er tilgjengeleg for kommunens innbyggarar og tilsette.
- Bistå med opplæring og vere ei støtte for pasientar, pårørande og tilsette i innføring og drift av teknologiske løysingar. Herunder sikre informert samtykke frå pasientar og sørge for brukarmedverknad og involvering av pårørande
Kvalifikasjonar
- Utdanning, innan helse og omsorg
- God erfaring med bruk av IKT og velferdsteknologi i helse og omsorg
- Kompetanse på lovverk og anbefalingar som omhandlar bruk av velferdsteknologi kommunale helse og omsorgstjenester
- Kompetanse og erfaring med prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Førerkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du arbeidar sjølvstendig, målretta og systematisk
- Du er positiv, engasjert og fleksibel
- Du har gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet
- Du handler på eget initiativ og tar ansvar for resultatet
- Du er fleksibel
- Du har evne til sjølvleiing og framdrift, og kan søke hjelp og bistand ved behov
Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- En spennande stilling i ein utviklingsorientert organisasjon
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
- Gunstige pensjon- og forsikringsvilkår
- Fleksibel arbeidstidsordning. Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4614352333
Stillingsprosent: 94%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2023
Søk her!

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.