Ønsker du ein fleksibel jobb, der du får skape glede og meistring hjå barn i utandørsaktivitet året rundt?
Vi har ledig stilling som instruktør i 80 % fast ved Brennabu leirskule .
Tiltredelse 1.8.23 eller etter nærare avtale.
Dette er ein instruktør/assistentstilling, derfor er det ingen krav om lærarutdannning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, spesielt evna til å kommunisera med barn og unge.
Arbeidsoppgåver
80 % stilling som instruktør ved leirskolen
Arbeidsoppgåver vil vere å leie barne og unge i ulike leirskoleaktivitetar sommer og vinter.
– guide turar i fjellet til fots, på ski, i kano og på sykkel
– undervise i friluftsliv
– instruere og leie klatreaktivitetar
– fortelje historier
– forefallande arbeid og vedlikehald
Kvalifikasjonar
Vi ønsker at du:
– har erfaring og/eller utdanning innan friluftsliv eller idrett
– har erfaring fra arbeid med barn
– har god evne til å leie elevgrupper sjølvstendig i varierte aktivitetar
– kan ta i eit tak og utføre vedlikehald på utstyr og installasjonar
– har god erfaring med langrenn og/eller alpint
– er i god fysisk form
– har, eller er villig til å ta brattkort innan klatring, då vi har mange klatreaktivitetar
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du :
– liker å omgåast og kommunisere med barn og har eit positivt elevsyn
-er initiativrik og fleksibel i forhald til oppgåver
-har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse
-er positiv og løysningsorientert
-er glad i uteliv heile året
Vi tilbyr
-ein spennande, variert og morosam jobb
-lønn etter tariff, elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale
-gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Jon Terje Rying, Rektor Brennabu, 91863886
Arbeidsstad
Panoramavegen 1019
2960 Røn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4619669399
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2023
Søk her!

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.