Vestre Slidre kommune byggjer nytt helsetun, og er i ein omstillingsprosess. Sjukeheimen, Bergtun og heimetenesta flyttar inn til hausten. I samband med dette søkjer me assistentar til å jobba både i eining for somatikk og i eining for mennesker med kognitiv svikt. Det vil bli både faste stillingar i turnus og helge-stillingar ledige. Me treng også ringjevikarar.
Me oppmodar skuleelevar over 17 år og studentar til å søkja på helge-stillingar, då det er ein fin måte å bli kjend med omsorgsyrket på. Det er også mogleg å få støtte for å ta helsefagleg utdanning. Ta kontakt ved spørsmål, og spesifiser kor mykje jobb du ønskjer.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å halde orden på pasientrom og i spiserommene.
- Ryddeoppgåver, matservering
- Delta i stell av pasientar (under veiledning)
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 17 år
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull og pålitelig
- Sjølvstendig og omgjengeleg
- Like å jobbe med mennesker
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Gode forsikrings og pensjonsordningar
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Bente Haugen, Leiar Sjukeheim, 99690622
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4635568787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2023
Søk her!

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.