Skip to content

Tenesteleiar teknisk/ teknisk sjef  – Vestre Slidre kommune

  • by

Ønsker du ei spennande leiarstilling innan tekniske fag og offentleg administrasjon?

Vi har mange spennande prosjekter innanfor tekniske fag, dyktige medarbeidarer og i den samanhengen er vi nå på leit etter ein dyktig tenesteleiar til å vere med på laget.

Er det deg?

Tenesteleiar teknisk, har ansvaret for avdelinga si samla operative leiing, styring og utvikling, bl.a. når det gjeld veg, vatn- og avløp, eigedom. Stillinga innehar også ansvar for prosjektleiing for større  investeringsprosjekt. Kommunen går inn i nokon spennande år  med prosjekter som krev god oppfølging blant annet V/A-utbygging i fjellet og sluttføring av ny sjukeheim. Avdelinga har om lag 20 årsverk. Tenesteleiar teknisk har fag- og økonomi ansvar. Kommunalsjef har pr no personalansvaret, men dette kan bli endra. 

Det er eit breitt samarbeid med dei andre Valdres-kommunane på ei rekkje områder, og tenesteleiar teknisk deltek i leiarnettverk for å utvikle samarbeidet saman med dei andre tekniske leiarane i Valdres.

Høyrtes dette interessant ut? Send oss gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uformell prat. 

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg ansvar for tenestene
  • Personalleiing og -utvikling
  • Budsjettoppfølging
  • Prosjektleiing for investeringsprosjekt med  prosjektering, anbods- og kontraktsarbeid
  • Føre tilsyn med dei anlegg verksemda har ansvar for
  • Delta i gjennomføring av og oppfølging av trafikksikkerhetstiltak
  • Offentlig saksbehandling og utarbeiding av saksfremlegg til politiske fora
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare teknisk utdanning, gjerne innanfor VA, elektro/automasjon eller liknande
  • Erfaring frå leiing/prosjektleiing i offentleg eller privat sektor er en fordel.
  • God kompetanse og interesse for teknologi og IT
  • Interesse for forbetrings- og kvalitetsutviklingsarbeid
  • God innsikt i og forståing for politiske prosessar
  • Evne og vilje til å leie organisasjonen i endringsprosessar
  • Gode norskkunnskapar,  munnleg og skriftlig
Personlege eigenskapar
  • Ein lagspelar som evnar å sjå kommunen som heilskap.
  • Innehar gode samarbeidsevner og evne til å vera med og skape eit godt arbeidsmiljø
  • Omgjengeleg
  • Lojal
  • Tydeleg
  • Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Fleksitid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Rigmor Emerense Håheim, Kommunalsjef plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling, 920 32 058

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4594238330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2023

Søk her!

Vestre Slidre kommune

Hjemmeside http://www.vestre-slidre.kommune.no

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.