Skip to content

Aktivitørstilling – 85% fast stilling – Vestre Slidre kommune

  • by

Aktivitørstilling 85 % fast – med moglegheit til å utvide til 100%

Vestre Slidre kommune har oppretta ei ny stilling for å kunna tilby aktivitet på dagtid til heimebuande mennesker som har kognitiv svikt og alderspsykiatri. Tilbodet er fysisk plassert i Plassen. Stillinga er tilknytta heildøgnsbemanna omsorgsbustad Bergtun, som blir arbeidsstad kvar tredje helg. 

Den som tiltrer jobben vil få stor moglegheit til å påverka arbeidskvardagen sin og vera med å utvikla tilbodet.

Arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegge for ulike aktivitetar
  • Servere måltid
  • Samarbeide med andre tenester
  • Vere eit ledd i utredning / observasjon av funksjonen til deltagere på dagsenteret
  • Dokumentere i journalsystem. 
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant fagutdanning. 
  • Gjerne erfaring med arbeid med mennesker med kognitiv svikt. 
Personlege eigenskapar
  • Vere rolig og tålmodig som person
  • Ta ansvar for å skapa framdrift
  • Gjerne med kreative interesser som sang, tegning , håndarbeid ol.
  • Personlege kvalifikasjoner vil bli vektlagt 
Vi tilbyr
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon

Elwira C Raczkiewicz, Avdelingsleder, 916 03 472, elwira.c.raczkiewicz@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4649510410
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2023

Søk her!

Hjemmeside: http://www.vestre-slidre.kommune.no

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.