Skip to content

Økonomileiar – Sande kommune

  • by

2. gongs utlysing – Økonomileiar

Vil du vere med å forme framtidas Sande kommune? Vi har ledig stilling som økonomileiar – ei spanande stilling med gode vilkår.

Arbeidsoppgåver

Stillinga som økonomileiar i Sande er ei allsidig og omfangsrik stilling som inkluderer budsjett- og personalansvar for økonomiavdelinga. Du vil ha ansvar for utarbeiding av økonomiplan, årsbudsjett, årsmelding og økonomiske rapporteringar i kommunen. I tillegg vil du ha ansvar for overordna økonomistyring, finansforvalting og økonomiske analyser. Stillinga som økonomileiar gir gode utviklingsmoglegheiter, der du vil kunne jobbe sjølvstendig og i team. Sande er ein oversiktleg kommune, med kort veg mellom dei ulike tenestene. Som økonomileiar vil du difor kunne jobbe tett på også den tenesteytande delen av organisasjonen. Økonomileiar gir kommunedirektør og leiarar naudsynt bistand innanfor økonomiområdet, og har ansvaret for prosessar knytt til rapportering, økonomiske reglement og interne rutinar. Kommunen nyttar per i dag Visma Enterprise Plus som økonomisystem og Framsikt som budsjett- og rapporteringsverktøy.

Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Erfaring med økonomistyring og budsjettarbeid 
  • God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
  • Positiv og ytande
Vi tilbyr
  • Spanande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode utviklingsmoglegheiter 
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Løn etter avtale 
Kontaktinformasjon

Renathe Rossi, Kommunedirektør, 94881303, renathe.rossi@sande-mr.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 4648663787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2023

Søk her!

Om arbeidsgiveren

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.