Stillingstype
Vi søkjer etter avdelingsleiar til Heimesjukepleia i fast 100% stilling. Avdeling for Heimesjukepleie ligg under Heimetenestene. Stillinga inngår i einingsleiar sin leiarstab. Vi søkjer etter deg som kan fremje god tenesteutvikling, ha ein framoverlent leiarstil, er innovativ og nyskapande. Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale. Stillinga er disponert på dagtid.
Arbeidsoppgåver
– oppgåvene består av personalansvar, fagansvar og økonomiansvar
– fagleg rettleiing/opplæring av tilsette, koordinere dagleg drift, turnusarbeid og andre administrative oppgåver
– arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
– Sikre eit hensiktsmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon
– det kan verte endring ut i frå ovannemde arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
– 3 årig utdanning innan sjukepleie eller helse- og sosialfag
– det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing. Om du ikkje har dette må du vere villeg til å ta ei slik utdanning på sikt
– du må gjerne ha erfaring med bemanningsplanlegging i turnus
– kjennskap til saksbehandling og kunnskap om aktuelt lovverk
– reflektert og god på relasjonsarbeid
– ha ein høg fagleg standard
– ta i mot og gi rettleiing
– systematiske, dyktig og effektiv
Personlege eigenskapar
– det vert vektlagt at ein er personleg eigna og gode referanser
– ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
– du må være lojal, strukturert og være ein tydeleg leiar
– ha stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
– stort utviklingspotensiale i ei spennande leiarstilling.
– allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjons- og forsikringsordningar jfr.tariffavtale
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Kontakt:
Beate Håholm Dahl
Mobil: 405 50 213
E-post: beate.dahl@vestnes.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsfrist: 11.05.2023

Heimetenestene ligg i Helsehuset Stella Maris i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp, heimevaktmester, fysioterapeut, ergoterapeut og dagsenter. Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Personale i heimetenestene er ein arbeidsvillig gjeng med dyktige fagpersonar som har som mål å gi tenester med god kvalitet.