Skip to content

Mogelegheitsutviklar – Vindafjord kommune

  • by

Me søker:

Vindafjord kommune har oppretta ei ny 100 % fast stilling som «mogelegheitsutviklar». Arbeidsstad vil vere rådhuset i Ølen eller Teknisk Bygg på Sandeid. Stillinga ligg direkte under kommunalsjef samfunnsutvikling, men vil jobbe tett saman med både einig for areal og forvaltning og eining for kommunaltekniske tenester.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Legge til rette for bustads- og næringsutvikling i Vindafjord Kommune
  • Vera ein koordinator mellom den kommunale administrasjonen, næringslivet, grendeutvala og andre aktørar som er viktige for utviklinga av kommunen
  • Identifisere arealbehov for nærings- og bustadsutvikling, og i dialog med dei ulike aktørane sikre at utvikling av desse områda kan gjennomførast
  • Gjennomføre kjøp og sal av strategisk bustad- og næringseigedom
  • Utarbeide gode nærings- og bustadstrategiar
  • Ta styring på relevante prosessar, inkludert bestilling og gjennomføring av naudsynt reguleringsarbeid og teknisk plan og sikre at det vert inngått naudsynte utbyggingsavtalar for å sikre utbygging av områda

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på minimum «bachelornivå» innan relevante fagområde.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå planarbeid eller bustad/tomteutvikling er ønskjeleg.
  • Erfaring frå eigedomsforvaltning er ønskjeleg

Relevant erfaring kan erstatte formelle krav til utdanning.

Personlege eigenskapar:

Søkjar må vere initiativrik og kunne jobbe sjølvstendig, og må vere god på relasjonsbygging.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Kontakt:
Yngve Folven Bergesen
Mobil: +47 95863691
E-post: yngve.bergesen@vindafjord.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 22.05.2023

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.