Skip to content

Kommunalsjef oppvekst – Fjaler kommune

  • by

Vi søkjer etter ein kommunalsjef oppvekst i 100 % fast stilling.

Vi ser etter deg som har eit stort engasjement for å utvikle oppvekstsektoren vidare og bidra til eit aktivt og godt oppvekstmiljø for barn og unge i Fjaler kommune. Vi ønskjer ein samlande og handlekraftig leiar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å motivere og skape trivsel blant medarbeidarar og kollegaer. Som vår nye kommunalsjef har du ansvar for å delta og legge til rette for tverrfagleg samarbeid, både innan kommunen og med eksterne samarbeidspartar.

Vi kan tilby interessante og utviklande arbeidsoppgåver saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og strategisk leiing vil du være med på å utvikle kommunen vidare i ei spanande tid, i samspel med politikarar og administrasjon. Kvardagen vil gi mogelegheiter og utfordringar som krev eit tydeleg fokus på resultat og løysingar.

Høyrast dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om stillinga. 

Arbeidsoppgåver
  • Overordna budsjett-, økonomi- og personalansvar innanfor eige ansvarsområde
  • Overordna fagleg ansvar for skular, barnehagar, PPT og vaksenopplæring
  • Koordineringsansvar for ei heilskapleg satsing i oppvekst
  • Strategisk utviklingsarbeid og endringsprosessar
  • Medverke til interkommunalt samarbeid
  • Leiar i det interkommunale fagrådet i PPT
  • Sakshandsaming til politiske organ innan fagområdet
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgre utdanning frå høgskule  og/ eller universitet
  • Barnehage- eller skulefagleg kompetanse
  • Leiarerfaring
  • Kunnskap om økonomistyring og budsjettarbeid
  • God organisasjonsforståing og evne til å handtere kompleksitet
  • Forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon

Vi legg vekt på at ein er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Endrings- og utviklingsorientert 
  • Systematisk 
  • Tydeleg og handlekraftig
  • Løysingsorientert
     
Vi tilbyr
  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit hyggeleg og engasjert kollegium
  • Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktpersonar:
Bente Nesse tlf: +47 57738001 mob: +47 90064592
Wenche Elveseter tlf: +47 48021535

Søknadsfrist: 28.05.2023
Tiltreding: 01.08.2023

Søk her!

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Foto: David Zadig

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.