Skip to content

Rektor – Våge skule 100 % fast stilling, Fjaler kommune

  • by

Då noverande rektor skal slutte søkjer vi no etter ein ny leiar til Våge skule.  Som rektor får du ein interessant og spanande arbeidskvardag med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø. Rektor vert no leiar berre for skulen. Tidlegare har også barnehagen hatt rektor som leiar.

Vi søkjer etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Vår nye rektor vert leiar av den praktiske og økonomiske drifta, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane si læring og utvikling.  

Våge skule har gode undervisningslokale og eit flott uteområde, godt tilpassa aktivitet og læring.

Ta gjerne kontakt, dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for elevane si utvikling og læring
  • Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet til beste for elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Forvalte skulen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer
Kvalifikasjonar
  • Godkjend pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
  • Leiarutdanning/rektorutdanning 30 stp. Kan gjennomførast seinare
  • Kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg
  • Framtidsretta og utviklingsorientert
  • Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø ved ein fin skule
  • Kommunale vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Leiarutvikling og støtte til leiarutdanning 

Kontaktperson:
Ingvard Andreas Flekke
Tlf: 57738056

Søknadsfrist: 28.05.2023
Tiltreding: 01.08.2023

Søk her!

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Foto: David Zadig

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.